Drummondbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drummondbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 66°40′S 65°43′W / 66.667°S 65.717°W / -66.667; -65.717
Lengd 18 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Drummondbreen
66°40′00″S 65°43′00″W / 66.6667°S 65.7167°W / -66.6667; -65.7167
Drummondbreen is located in Antarktis
Drummondbreen (Antarktis)

Drummondbreen er ein isbre i Antarktis som er 10 nautiske mil (18 km) lang og 2 nautiske mil (4 km) brei. Breen ligg på vestkysten av Graham Land og flyt vest-nordvest ut i Darbel Bay til sør for Hopkinsbreen. Han vart først grovt kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i 1946–47, og namngjeve «West Balchbreen». Med East Balch-breen vart han rapportert å fylle ein tverrgåande dal i Graham Land, men etter vidare landmåling i 1957 såg ein at det ikkje var nokon topografisk samanheng mellom dei to. Namnet Balch vart avgrensa til den austlege breen og eit heilt nytt namn vart godkjend for denne breen. Han er no kalla opp etter Jack C. Drummond, ein professor i biokjemi ved University of London, som var med på utvelginga og utrekninga av slederasjonar for mange britiske polekspedisjonar mellom den første og andre verdskrigen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Drummondbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).