Drusarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Drusarane)

Drusarane eller druzarane[1] er ei religiøs rørsle med opphav og hovudsakleg utbreiing i Midtausten. Frå ein religionsvitskapleg ståstad har trua til drusarane opphav i islam, men ho er òg påverka av andre religionar og av gresk filosofi.

Drusarane er fyrst og fremst å finna i Libanon, Israel, Syria, Tyrkia og Jordan. Andre stader i verda finn ein mindre diasporasamfunn. Drusarane nyttar seg av arabisk og har kulturelt mange fellestrekk med andre arabarar i regionen. Dei fleste muslimar, og òg ein del av drusarane sjølve, reknar ikkje drusarane som ei muslimsk gruppe. Drusarane kallar seg sjølve Ahl al-Tawhīd eller al-muwahhidūn, 'monoteisme-folket'.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det finst ulike teoriar og mytar om drusarane sitt opphav, som at dei skulle stamma frå krossfararane, tyder det meste på at drusisk tru voks ut frå Ismaili-islam, ei retning innan sjia-islam. Trua vert òg rekna å innehalda element frå neoplatonisisme, gnostisisme og andre esoteriske kristne rørsler, jødedom, samt iranske religionar.

Tidleg i det ellevte hundreåret skal al-Hakim bi-Amr Allah, den sjette kalifen i fatimid-dynastiet ha sagt seg sjølv å vera guddommeleg. Det var sterke messianske straumdrag i Ismaili-islam og al-Hakim sin visir, den persiske teologen Hamza ibn Ali ibn Ahmad al-Zuzani såg al-Hakim sin ein inkarnasjon av Gud. Muhammad al-Darazi vart send ut som misjonær, men fall i unåde og vart drepen etter å ha sett seg sjølv som spirituell leiar. Al-Darazi skal òg ha gjeve opphav til namnet drusar. Al-Hakim forsvann under mystiske omstende i 1021, moglegvis snikmyrda av systera. Drusarane trur at han vart teken opp i himmelen og at han ein dag skal venda attende og starta ein ny gullalder.

Drusisk tru[endre | endre wikiteksten]

Sentrale prinsipp i drusarane sin religion er ærlegdom, å verna om bror sin, å respektera dei eldre, å hjelpe andre, å verga heimlandet, samt trua på éin Gud. Drusarane trur òg på menneskeleg reinkarnasjon. Dei godtek ikkje fleirgifte, tobakksrøyking, bruk av alkohol og reknar svinekjøt for ureint. Medan drusisk religion i prinsippet ikkje tillèt giftarmål med muslimar, jødar eller medlemer av andre religionar vert desse reglane ofte oversett i moderne tid.

Drusarane trur òg på fem kosmiske prinsipp, representert med fem fargar i den drusiske stjerna: intelligens / fornuft (grøn), sjel (raud), ord (gul), presedens (blå) og immanens (kvit). Desse fem dygdene tek form i fem ulike ander som stendig har vorte reinkarnert på jorda i form av profetar og filosofar, inkludert Adam, Pythagoras, Akhenaten og andre. Drusarane har stor respekt for Jethro, Moses sin svigerfar.

Drusarane er delt inn i uqqal (dei initierte) og djuhhal (dei ignorante). Kvinner vert rekna å ha særleg emne til å verta uqqal.

Nokre framståande drusarar[endre | endre wikiteksten]

  • Fakhreddin II (1588-1635), herskar over dagens Libanon og delar av Syria, Israel og Tyrkia.
  • Kamal Jumblatt, grunnleggjar av det libanesiske Progressive Sosialistpartiet på midten av 1900-talet, og sonen hans Walid Jumblatt.
  • Salah Tarif, ein tidlegare kaptein i fallskjermtroppane og kavaleriet i IDF, medlem av den israelske nasjonalforsamlinga Knesset for Arbeidarpartiet og Israel sin fyrste ikkje-jødiske minister.
  • Ayoob Kara, medlem av Knesset for Likud.
  • Farid Al Atrash, musikar
  • Sultan Basha Elatrash, leiar av opprøret mot den franske okkupasjonen av Libanon og Syria i 1920-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arabisk duruzī درزي, fl. durūz دروز, hebraisk druzi דרוזי, fl. druzim דרוזים