Drvenik Veliki
Utsjånad
| Drvenik Veliki | |
|---|---|
Satellittbilete av Drvenik veliki | |
| Geografi | |
| Stad | Adriahavet |
| Koordinatar | |
| Areal | 12,07 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Kroatia |
| Fylke Kommune | Split-Dalmatia Trogir |
| Demografi | |
| Folketal | 170 (2021[1]) |
Drvenik veliki (av og til kalla Drvenik veli) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Ho ligg utanfor Dalmatia, nordvest for Šolta, og 1,8 km frå fastlandet.[2] Administrativt høyrer øya inn under kommunen Trogir i fylket Split-Dalmatia.[3][4]
Arealet av øya er 12,07 km².[5] Det høgaste punktet er 178 meter høgt.[5] Den største busetnaden på øya er Drvenik, og øya vart først busett på 1400-talet.[6] I kroatiske nedskrivingar frå 1200-talet vert øya kalla «Gerona» eller «Giruan».[6] Hovudnæringane på øya er jordbruk, fiske og turisme.[6][7] Kysten av øya består av mange sand- og grusstrender.[7]
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
| Folketal 2001[8] | Folketal 2011[9] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Drvenik Veliki | 234 | 150 | 170 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ Fakta om Drvenik, arkivert frå originalen 11. februar 2007, henta 11. mars 2007
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- 1 2 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
- 1 2 3 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 2 (Zagreb, 1977)
- 1 2 peljar.cvs.hr
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.