Dry lease

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dry lease er eit leigearrangement der eit flyselskap eller ein finansinstitusjon skaffar eit anna flyselskap eit fly utan besetning, bakketenester, forsikring, vedlikehald og drift. Utleigar krev at leietakaren nyttar flyet under sitt eige driftsløyve og syter for registrering. Leietakar betaler for den tida flyet blir nytta.

Eit typisk «dry lease»-tilhøve varer vanlegvis frå to år og oppover. Det leigde flyet vert vanlegvis målt som mellom dei eigne flya til leigetakaren, og framstår utåt som mellom dei eigne flya til selskapet.

Dei to største aktørane i denne marknaden er International Lease Finance Corporation (ILFC) og GE Capital Aviation Services.

I tilfelle der utleigar held mannskap og vedlikehald nyttar ein omgrepet wet lease.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]