Karsthòle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dryppsteinshòle)
Domica-grotta i Slovenia

Karsthòle, kalksteinshòle eller dryppsteinshòle er ei grotte som er danna ved at dei omkringliggande berglaga har vorte oppløyste i ein prosess kalla speleogenese. I motsetnad til andre holetypar som brenningsholer og tektoniske holer kan karstholene verte særs lange. Det lengste karstholesystemet ein kjenner til er den 628 km lange Mammoth Cave i Kentucky i USA, medan den djupaste er Voronjagrotta i Georgia med ei djupne på 2191 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Karsthule. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/karsthule.