Hopp til innhald

Du Shenyan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Du Shenyan

Verkeleg namn kinesisk skrift 杜審言, pinyin Dù Shěnyán, Wade-Giles Tu Shen-yen
Statsborgarskap Tang-dynastiet
Fødd 645
Xiangyang
Død

708
Chang'an

Yrke lyrikar, kalligraf, skribent, funksjonær
Far Du Yiyi
Ektefelle Lu Taijun
Born Du Xian, Du Shi
Du Shenyan på Commons

Du Shenyan (646708) var ein kinesisk diktar og embetsmann i Tang-tida. Han hadde fleire viktige stillinger i styringstida til keisarinne Wu Zetian, men var betre kjend i samtida som poet og kalligraf, og vert rekna som ein av grunnleggjarane av den poetiske stilen i Tang-tida.[1] Då keisarinna døydde vart han forvist til området som idag er Nord-Vietnam, men fekk snart koma attende til ein sinekyre i Luoyang. Røynslene frå tida i eksil kom likevel til å setja djupe spor i dikta han skreiv i seinare år.[1] Han var bestefar til den vidgjetne diktaren Du Fu.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Pine, R. (2003). Poems of the Masters: China's Classic Anthology of T'ang and Sung Dynasty Verse. Port Townsend: Copper Canyon Press, s. 90.