Du som låg i natti seine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Du som låg i natti seine» er fyrstelina i diktet «Salme» av Jakob Sande, fyrste gong utgjeve i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen har innhald henta frå skjærtorsdagsnatta i Getsemane og Jesu liding og død langfredagen. Ved sida av julesongen «Det lyser i stille grender» er dette ein av to Sande-salmar som har fått plass i Norsk Salmebok.

Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida
styrk og nør mi veike tru.

Opningslinene i siste verset av salmen

Salmen har fire vers. Teksten handlar om Jesus som vart sviken av dei næraste venene sine, og han vert avslutta med ei bøn om styrking av veik tru.

Salmen er tonsett fleire gonger, mellom anna av Fred Ove Reksen, Ragnar Tesdal og Rolf Karlsen (1973). Det er dei to sistnemnde melodiane som er trykt i Norsk Salmebok (nr 138).