Duane Roland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Duane Roland
Fødd3. desember 1952(1952-12-03)
FødestadJeffersonville i Indiana
Død19. juni 2006 (53 år)
DødsstadSt. Augustine i Florida
OpphavUSA
Aktiv1974-2006
SjangerSouthern Rock, hardrock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarMolly Hatchet, Southern Rock Allstars, Gator Country
Verka somMusikar, låtskrivar

Duane Roland (3. desember 195319. juni 2006) var ein amerikansk gitarist for southern rock-bandet Molly Hatchet. Han var medlem av bandet frå det starta i midten av 1970-åra og til han gav seg i 1990.[1] I den perioden spelte han inn sju album med bandet. Han var òg medlåtskrivar på somme av dei mest kjende songane deira, som «Bloody Reunion» og «Boogie No More». Etter han slutta i bandet spelte han med Southern Rock Allstars og Gator Country, som mellom anna bestod av tidlegare medlemmar i Molly Hatchet.

Roland døydde berre 53 år gammal i heimen sin i St. Augustine i Florida av naturlege årsaker..[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Duane Roland». Arkivert frå originalen 14. august 2007. Henta 22. desember 2020. 
  2. Duane Roland, Molly Hatchet gitarist; at 53 - The Boston Globe