Duck Hunt
Utsjånad
| Duck Hunt | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo Research & Development 1 | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Hiroji Kiyotake | ||
| Produsent(ar) | Gunpei Yokoi | ||
| Komponist(ar) | Hirokazu Tanaka | ||
| Plattform(er) | Nintendo Entertainment System | ||
| Utgjeving | JP: 21. april 1984 NA: 18. oktober 1985 EU: 15. august 1987 | ||
| Sjanger | Sport, action | ||
| Spelemodus | fleirspelar, einspelar | ||
Duck Hunt er eit actionspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo Entertainment System. Det vart først utgjeve i Japan i april 1084, som ein lanseringstittel for NES i Nord-Amerika i oktober 1985 og i Europa to år seinare.
I Duck Hunt bruker spelaren NES Zapper i kombinasjon med eit CRT-fjernsyn for å skyte ender som kjem til syne på skjermen. Endene dukkar opp ein eller to av gongen, og spelaren har tre skot for å skyte dei ned. Spelaren får poeng for kvar and som blir treft. Dersom spelaren klarer å skyte nok ender i ein enkelt runde, vil spelaren gå vidare til den neste runden. Dersom ein ikkje treffer nok ender er det «game over».
Duck Hunt vart utgjeve som ein Virtual Console-tittel til Wii U i 2014.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nå kommer denne irriterende hunden til Wii U». Gamer.no. Henta 16. mars 2019.