Hopp til innhald

Dudinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dudinka
Дудинка
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Areal 10,5 km²
Folketal 19 309 (2024)[1]
Grunnlagd 1667
   Bystatus 1951
Retningsnummer +7 39111
Kart
Dudinka
69°24′00″N 86°11′00″E / 69.4°N 86.183333333333°E / 69.4; 86.183333333333
Wikimedia Commons: Dudinka

Dudinka (russisk Дудинка) er ein by i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar og var hovudstad i det tidlegare autonome distriktet Tajmyr, som i 2007 blei del av Krasnojarsk kraj. Byen ligg ved breidda av elva Jenisej like sør for Nordishavet.

Luftfoto av Dudinka.
Foto: Dr. Andreas Hugentobler

Dudinka har hamn for havgåande fartøy og er ei av dei viktigaste hamnene i Sibir langs Nordaustpassasjen. Den nordlegaste elektrifiserte jernbanen i verda knyter Dudinka til Norilsk, 96 kilometer borte, og flyplassen Alykel, 40 kilometer borte.

Busetjinga vart grunnlagd i 1667. Sidan 2001 treng utanlandske borgarar særskilt løyve for å vitja Dudinka. I sovjettida fram til 1991 var byen stengd for utlendingar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dudinka