Duefuglar
Utsjånad
| Duefuglar | |
| Utbreiing | |
Utbreiinga av Duefuglar | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Underklasse: | Moderne fuglar Neornithes |
| Infraklasse: | Neognathae |
| Overorden: | Columbimorphae |
| Orden: | Duefuglar Columbiformes Leach, 1820 |
Duefuglar er ein biologisk orden, Columbiformes, med nolevande fuglar frå ein familie: Dei talrike og vidspreidde duene, Columbidae.
Duene har eit kranium som minner om det på måsar. Brystmuskulaturen er kraftig og baktærne velutvikla. Fjørene sit laust og manglar dun, i staden er dekkefjøra dunaktige.
Dei et særleg frø og har ei velutvikla kro. Nasebora kan stengast og dei kan drikka utan å løfta hovudet.
Sandhønsfamilien var tidlegare rekna til denne ordenen, men er seinare blitt skilde ut i den eigne ordenen Pteroclidiformes. Dei no utdøydde drontane, Raphidae, var òg medlem av ordenen duefuglar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- PDF-fil om fuglar (Aves) på uib.no