Dueling Banjos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dueling Banjos
Singel av Eric Weissberg
B-side

End of a Dream

Utgjeve Desember 1972
Innspelt 1972
Sjanger Bluegrass[1]
Lengd 2:10
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Arthur «Guitar Boogie» Smith, Don Reno, arranged by Eric Weissberg, Steve Mandell
Produsent Joe Boyd
Eric Weissberg-kronologi 
Dueling Banjos «Reuben's Train»
(1973)


«Dueling Banjos» er ein bluegrasssong av Arthur «Guitar Boogie» Smith. Songen vart komponert i 1954[2] av Smith som ein banjoinstrumental han kalla «Feudin' Banjos», som inneheldt riffa frå Smith spelt inn i 1955 med ein firestrengs plekter-spelt banjo, akkompagnert av Don Reno på femstrengs-banjo. Første gongen vart spelt for eit større publikum var i 1963 i ein episode av TV-serien The Andy Griffith Show kalla «Briscoe Declares for Aunt Bee», der han vart framført av den musikalske familien The Darlings (spelt av bluegrassgruppa The Dillards) i lag med Griffith sjølv.

Songen vart gjort kjend i 1972 i filmen Deliverance, som førte til søksmål frå komponisten, sidan han vart nytta i filmen utan at Smith hadde gjeve løyve til det. Filmversjonen var arrangert og innspelt av Eric Weissberg og Steve Mandell, men berre kreditert til Weissberg på ein singel som kom ut i desember 1972. Smith vann søksmålet. Songen låg fire veker på andreplassen på Billboard Hot 100 i 1973, alle fire vekene bak Roberta Flack-songen «Killing Me Softly with His Song», og han toppa adult contemporary-lista i to veker same året.[3] Songen låg ei veke på toppen av Cashbox- og Record World-listene. Songen nådde òg femteplassen på Hot Country Singles-lista på same tida. Han vart nominert til ein Golden Globe for beste originale song.[4]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canada RPM Top Singles 2
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 1
Canada RPM Country Tracks 9
Sør-Afrika (Springbok)[5] 15
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Easy Listening 1
U.S. Billboard Hot Country Singles 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dueling Banjos - Eric Weissberg». AllMusic. Henta 28. oktober 2020. 
  2. Arthur Smith, video where the komponist tells the story av songen's genesis, which he states is 1954 (posted to YouTube 21. august 2011)
  3. Joel Whitburn (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)
  4. «Dueling Banjos». Golden Globe Award. Hollywood Foreign Press Association. Arkivert frå originalen 12. august 2016. Henta 16. juni 2016. 
  5. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 2. september 2018.