Duell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Duellen mellom Eugen Onegin og Vladimir Lenskij, måla av Ilja Repin i 1899.
Karikatur frå 1900 av duellen mellom Robert Schyberg og Edvald Brandes av Alfred Schmidt .

Duell er nemninga på eit rituelt oppgjer mellom to partar, helst med bruk av våpen. Duellar vart for det meste utførte av høgtståande innanfor europeisk adel, for å bileggje tvistemål eller for å halde oppe ære. Dei «klassiske» duellane finn ein i nyare tid, gjerne frå renessansen og frametter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den moderne duellen oppstod i det som i dag er Italia1500-talet som eit rituale for å regulera æressaker mellom adelsmenn. Duellen blei spreidd på slutten av 1500-talet via Frankrike til store delar av Europa elles. Røtene til duellen kan ein spora tilbake til mellomalderturneringa.

Allereie i 1562 gjekk den katolske kyrkja inn for å forby duellering, og sa at både duellanter og sekundantar skulle bannlysas og at einkvan som døydde i ein duell ikkje skulle få ei kyrkjeleg gravferd. På 1600-talet blei det laga lovar mot duellering i dei flesta land.[1]

Sverd-duellar kunne ha mykje sams med vikingtidas holmgang. Med tida vart desse utførte etter faste ritual, og sverd vart skift ut med kårde, særskilt laga for slikt bruk. Fleire av desse er skildra mellom anna av William Shakespeare og seinare av Alexandre Dumas. Av historiske personar som har mist livet i slik nærkamp kan ein nemne Peter Wessel Tordenskjold. I England vart denne typen duellantar kalla swashbucklers.

Pistol-duellar vart meir vanlege utover på 1700-talet, då pistol kom i bruk. Her vart det vanleg å ha sekundantar, og ein brukte pistolar med eitt skot i løpet (flintlås). Her var vinnaren den som råka best etter tjue steg (førti meters hald).

I den amerikanske nybyggjartida vart desse duellane utvikla til kjappe revolveroppgjer, og duellmeistrane vart kalla gunslingerar. Her galdt det å trekke snøggast.

Opp mot nyare tid vart denne måten å gjera opp på gradvis forboden.

Folk som har falle i duell[endre | endre wikiteksten]

Litterære duellar[endre | endre wikiteksten]

  • Hamlet endar i eit oppgjer mellom Hamlet og Laertes. Utfallet er fatalt for dei begge.
  • Romeo og Julie krinsar mykje om duellen mellom Tybalt og Mercutio, seinare mellom Tybalt og Romeo. I dette skodespelet blir minst tre mann drepne i duell.
  • Twelfth Night brukar duell-grepet meir humoristisk, i det korkje heltinna Viola/Cæsario eller motstandaren Andrew Ague-cheek kan meistre våpna i særleg grad.
  • Dumas sine bøker om dei tre musketerane har fleire duellar.
  • Teikneserien Lucky Luke syner ei rekkje revolverduellar av «vill vest»-typen, pluss ei scene med «klassisk britisk» duellering med pistol (Grønnskollingen). Lucky Luke vinn sjølvsagt alle oppgjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord duell)