Duken i Stranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°14′44.6″N 6°59′52.6″E

Duken, matrikkelgard nr 12 i Stranda kommune, er ein nedlagt fjordgard ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Garden og folket[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh[1] opplyser at namnet på garden viser til ein flekk med dyrka mark som blir samanlikna med ein utbreidd duk. Andre namneformer som er blitt nytta, er Dugelied, Dugen eller Duggen.

Garden ligg i Dukelifjellet, mellom 400 moh og 500 moh. Ei krokut og bratt gangrås førte ned til fjorden ved Dukeneset og Dukestøa, der dei hadde naustplass. Dei hadde òg ein rideveg ut til Lien (matrikkelgard nr 11 i Stranda).

Levevegen må ha vore mest basert på krøterhald og veiding og i 1724 fora dei 3 kyr, 3 ungfe og nokre sauer og geiter. Første brukar er nemnt i 1628[2] og truleg vart garden fråflytta omkring 1765.

Peder Arneson (1699-1727) var brukar på Duken i tida frå om lag 1717 til han døydde, og det er han og tenestejenta Dorthe som er hovudpersonane i den tragiske kjærleikssoga som er omtala nedanfor.

Soga om Dorthe og Duke-Pe[endre | endre wikiteksten]

Første sida av brevet av 19.12.1727 frå kong Fredrik IV i Købehavn, der han befaler at saka mot «Peder Arnesen Dugen og Dorethe Abrahamsdaatter» skal handsamast i overhoffretten. Faksimile frå side 127 i boka «Vargtid».

Soga om Dorthe Abrahamsdotter og Peder Arneson har vore tema for mange artiklar og bøker (sjå ref.), mest detaljert i boka «Vargtid - og andre historier frå fortida» av Astor Furseth (avsnittet «Dorthe Abrahamsdotter» side 88). Nedanfor er teke med dei viktigaste hendingane i soga.

Dorthe Abrahamsdotter vart fødd omkring 1696 og kom frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho kom truleg til Stranda i slutten av året 1719, der ho vart i lag med ein tidlegare soldat, Anders Seljeflot[3] frå Oaldsbygda[Note 1]. Med han fekk ho etter alt å døme eit barn som var dødfødd, eller døydde etter stutt tid. Ho var ikkje gift med barnefaren, og på tinget 14.8.1721 på Hellesylt vart Dorthe dømd for utukt og fekk ei bot på 6 riksdalar, noko som ho slett ikkje kunne makte å betale. Anders fekk ikkje straff, for han var soldat og hadde rett til fritak for straff for det første lovbrotet.

Tidleg på sumaren 1723 fekk ho seg teneste på Duken. Husbonden der var som nemnt Peder Arneson, òg kalla Duke-Pe[Note 2]. Opphaldet på Duken varte berre ei kort tid og ho fekk seg ny teneste på Ytste-Åkernes, der ho mellom anna var på gjeting på Åkernessætra. Om sumaren året etter, vart det der oppe funne restane av eit barnelik, og Dorthe måtte til sist tilstå at ho i dølgsmål hadde fødd eit barn under sæteropphaldet. Men ho hevda at det hadde vore dødfødd og at ho hadde lagt kroppen under ein stein, og ho opplyste at Peder på Duken var faren. Dei på Ytste-Åkernes tykte synd på Dorthe, og dei vart samde om å teie om hendinga.

Etter å ha hatt teneste på ymse andre gardar i bygdene, fór ho for andre gong opp til Duken, der ho var ut året 1724. Over nyttår flytta ho ned til Sløgstad; ho var då svanger på nytt og Peder var barnefaren denne gongen òg. No fortalde ho til Peder at ho var gravid, og om lag på same tida fekk han òg høyre om det første barnet. Dei visste ikkje korleis det skulle gå, men han hadde tankar om å ta til seg barnet, når det vart fødd. Dorthe fekk no teneste på garden Vika i Valldalen, og ho vart sett til å sætre på Vindsnessætra[Note 3]. Der fødde ho ei jente, men nok ein gong var barnet dødfødd, etter hennar eiga forklaring, og ho hadde lagt kroppen under to steinheller. Denne gongen fortalde ho til folket i Vika om kva som hadde skjedd. Presten på Sylte vart informert og det vart sendt bod til sokneprest og lensmann, og Dorthe vart deretter henta og sett i forvaring.

16. november kom saka opp på heimetinget på Stranda. Dommen vart strengast mogeleg: dei trudde ikkje på Dorthe si forklaring og ho vart dømt til halshogging og hovudet hennar skulle setjast på stake. Duke-Pe vart lyst fredlaus og han skulle sendast til Vardøhus i Finnmark på straffearbeid livet ut[4]. Begge vart send til futen Nicolai Astrup i Spjelkavik, der dei ei tid sat fengsla. Så vart dei sende til Bergen for at saka deira skulle handsamast på lagtinget, og 6. april 1725 vart dommane stadfest.

Vel attende på Sunnmøre, viste det seg at Dorthe på ny var med barn, og fullbyrdinga av dommen måtte vente. Korleis det gjekk med fødselen og kvar helst barnet vart av, er ikkje kjent. Amtmannen i Romsdals amt Erich Must, greip no inn i saka og i 1727 sende han nådesøknad til kong Fredrik[Note 4] i Købehavn. Kongen viste då saka til «Overhoffretten»[Note 5], og på rettsmøtet i Kristiania 27. oktober 1728 vart dødsdommen mot Dorthe stadfest for andre gong.

Ein dag i mars 1729 vart ho rodd inn fjorden, attende til Stranda, og 23. mars 1729 vart ho ført ut til avrettingsstaden på Uksneset[Note 6]. Der vart Dorthe halshogd og hovudet hennar sett på stake, slik ordlyden i dommen hadde tilsagt.

Duke-Pe, Peder Arneson, døydde under det lange og harde fengselsopphaldet, mest truleg på etterjulsvinteren i 1727.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anders Seljeflot kom heim i oktober 1719, etter å ha vore med i Den store nordiske krigen (1700-1721).
  2. Peder Arneson var då gift med den mykje eldre Anne Ellingsdtr. (1678-1743). Dei hadde fått to born, som begge var døde.
  3. I dag kalla Vikasætra, som ligg rett over fjorden for Valldal sentrum
  4. Fredrik IV var konge i Danmark/Noreg i tida 1699-1730.
  5. Overhoffretten var på 1700-talet den høgaste domstolen i Noreg.
  6. Uksneset ligg ved innløpet til Sunnylvsfjorden og der var den gamle avrettingsstaden i regionen. På den same staden er der i dag plassert ei fyrlykt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norske Gaardnavne av Oluf Rygh – om Duken side 127
  2. Gard og grend. Stranda: Kommunen. 1954. s. 76. 
  3. Anders Arnes. (1686-?) soldat (Digitalarkivet)
  4. Peder Arnesøn Digitalarkivet - straffeutmåling 1726

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]