Dukhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°25′10″N 50°47′32″E
Dukhan
by
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Kommune Al Rayyan kommune
Koordinatar 25°25′10″N 50°47′32″E
Areal 365,0 km²
Folketal 11 520 (2010)
Qatar location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dukhan
Nettstad: Offisiell nettstad

Dukhan er ein industriby vest i kommunen Al Rayyan i Qatar.[1] Han ligg kring 60 km vest for hovudstaden, Doha. Dukhan vert styrt av det statlege oljebyrået i Qatar, Qatar Petroleum, og var den første staden i landet det vart funne olje.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein klippeformasjon i Dukhan.

Dukhan ligg i kommunen Al Rayyan kring 60 km frå Doha. Den søraustlege delen av området ligg 60 meter over havet.[3] Delar av Dukhan i nord ligg under havnivå.[3][4] Ei rekkje åsar av kalkstein frå eocen strekkjer seg parallelt til kystområdet.[3] Toppen av Rus-formasjonen frå eocen stikk meir enn 25 meter opp av bakken i dette området.[5] Den austlege delen består av lågland dekt av stein, med wadiar og senkingar.[3] Wadi Diab er eit av dei store tørre elveleia i landet som strekkjer seg gjennom Dukhan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oljeleitinga i Dukhan-området byrja i 1935.[6] I 1937 fann ein olje i Dukhan; det første større oljereservoaret på halvøya.[2] Utbygginga av den første oljebrunnen byrja i 1939 og var ferdig same året.[6] Den opphavlege busetnaden vart bygd som ein leir for arbeidarar frå Qatar Petroleum Company. Drifta vart lagt ned for ein periode under andre verdskrigen.[7] 31. desember 1949 eksporterte Dukhan den første tønna med olja og utbygginga av Dukhan-feltet var ferdig i 1954.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Dukhan-vegen frå Dukhan til Doha.

Den første vegen i Dukhan vart bygd i 1940 for å knyte oljeleiren til Doha. Ein ny veg vart bygd i 1948 frå Dukhan til Umm Bab og Mesaieed. I 1970-åra vart Salwa-vegen utbygd for å knyte saman alle dei fire tidlegare nemnde områda.[8]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Dukhan er ein av dei viktigaste stadane frå yngre steinalder på halvøya.[9] Her er gjort fleire funn av steinreiskapar og våpen.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 30. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Home page». Qatar Petroleum - Dukhan Operations. Henta 30. mars 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Fahd Abdul Rahmn Hamad Al-Thani (1992). «The Spatial Impact of the Hydrokarbon Industry on Land and Sea Use in Qatar» (PDF). University of Durham; Durham e-Thesis. s. 105. 
  4. M. Ajmal Khan, Benno Böer, German S. Kust, Hans-Jörg Barth (2006). Sabkha Ecosystems: Volume II: West and Central Asia. Springer. s. 179. ISBN 978-1402050718. 
  5. Abdul Nayeem (1998), s. 6
  6. 6,0 6,1 Ministry of Foreign Affairs (2007). «Oil & Gas». Henta 3. september 2012. 
  7. «Dukhan». Qatar Petroleum. Henta 30. mars 2017. 
  8. Fahd Abdul Rahmn Hamad Al-Thani (1992). «The Spatial Impact of the Hydrokarbon Industry on Land and Sea Use in Qatar» (PDF). University of Durham; Durham e-Thesis. s. 138. 
  9. Abdul Nayeem (1998), s. 20
  10. Abdul Nayeem (1998), s. 34

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dukhan

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Dukhan frå Wikivoyage