Duksfjorden
Duksfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp | ||
![]() Duksfjorden |
Duksfjorden (samisk Diksuvuotna) er ein fjordarm av Kamøyfjorden på Magerøya i Nordkapp kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5,5 km vestover til Duken i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Bryggnæringen i nord og Store Kamøy i sør. Garden Duksfjord ligg på nordsida av fjorden. Rett innfor Store Kamøya ligg Litle Kamøya og sør for denne igjen ligg Kamøyvær. Fjorden er 110 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.
Mellom sjølve Magerøya og Litle Kamøya går den vesle fjordarmen Risfjorden sørover.