Dukting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fatamorgana av Farallonøyane med ein tydleg dukt.

Dukting, ducting eller leiing er elektromagnetiske bølgjer som vert avbøygde i atmosfæren på grunn av varierande brytingsindeks.

Brytingsindeksen for elektromagnetiske bølgjer er særskild avhengig av fukta i lufta, men lufttrykket og temperaturen spelar òg ei rolle. Normalt sett er atmosfæren godt blanda, slik at brytingsindeksen minkar sakte med høgda. Dette gjer at radiohorisonten er noko fjernare enn den synlege horisonten. Om atmosfæren derimot er lagdelt, til dømes ved at ein har eit fuktigare lag slik at brytingsindeksen aukar, så kan krummingsradiusen for normalen til bølgjefronten verte lik krummingsradiusen til jorda. Ein vil då få ein dukt eller kanal der den elektromagnetiske energien vert fanga opp. I prinsippet kan signalet då flytte seg rundt heile jorda. Om brytningsindeksen aukar ytterlegare vil dette auke krumminga, og radiohorisonten vil kome nærare og slik hindre den elektromagnetiske energien å nå fram til mottakaren. Dess høgare frekvens ei elektromagnetisk bølgje har, dess meir vert ho påverka av dukting.

Ein får oftast dukting i høgtrykk der ein har subsidens og i temperaturinversjonar. Fenomenet er særleg kjend innan radiokommunikasjon, og i seinare tid òg innan flynavigasjon, sidan ILS-strålen som fører flya inn mot rullebanen kan påverkast av dukting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Dukting» i Store norske leksikon, snl.no.