Dulcimer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dulcimer

Andre namnCimbalom
Dulcimer
Four-hammer dulcimer
Hammer dulcimer
de: Hackbrett
it: Salterio
es: Dulcémele
uk: Tsymbaly
pl: Cymbały
fa: Santoor, Santur
fr: Tympanon
zh: Yangqin
ko: Yanggeum
kh: ឃឹម Khim
vi: Tam Thập Lục
th: ขิม Khim
tt: чимбал çimbal
Klassifiseringverkelege bordsiterar med resonanskasse, Dulcimer, hammered chordophone
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-4
(Simple chordophone sounded by hammers)

isk Dulcimer (eller hammardulcimer) er eit perkusjonsinstrument med strenger som typisk er trekte over eit trapesforma resonant lydbord. Dulcimeren blir stilt framfor musikaren, som i nokre tradisjonelle former kan sitja med beina i kross på bakken eller i meir moderne stilar kan stå eller sitja på eit møbel. Spelaren nyttar ein lita skeiforma hammar i kvar hand til å slå på strengene. Det gresk-romerske ordet dulcimer ('søt song') er avleidd frå latin dulcis ('søt') og gresk melos ('song'). Dulcimer, der ein slår strengene med små hamrar, stammar frå psalter, der ein plukkar strengene.[1]

Dulcimer og liknande instrument er utbreidde i tradisjonell musikk frå Irak, India, Iran, Sørvest-Asia, Kina, Korea og delar av Søraust-Asia, Sentral-Europa (Ungarn, Slovenia, Romania, Slovakia, Polen, Tsjekkia, Sveits (særleg Appenzell), Austerrike og Bayern), Balkan, Aust-Europa (Ukraina og Belarus) og Skandinavia. Det blir også spelt i Storbritannia (Wales, East Anglia, Northumberland) og USA, der bruken i folkemusikk tok seg opp på slutten av 1900-talet.[2]

Durskalamønster på ein diatonisk dulcimer stemt i kvintar.

Dulcimer blei mykje brukt gjennom mellomalderen i England, Frankrike, Italia, Tyskland, Nederlands og Spania. Instrumentet hadde ulike namn i kvart land, men blei overalt rekna som ein type psalterium. Ein såg med tida ein skilnad i måten å laga lyd på med dulcimer, der ein sette strengene i vibrasjon med hammarar, og psalterium, der ein plukka dei. Dulcimer gav opphav til piano, medan psalterium blei vidareutvikla til cembalo.[3]

Stemming av dulcimer i Søraust-Slovenia.

Det finst versjonar av hammerdulcimer frå heile verda, som kvar har sin eigen distinkte konstruksjons- og spelestil:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Definition of DULCIMER». Merriam-Webster, Incorporated. Henta 29 July 2012. 
  2. Groce, Nancy. The Hammered Dulcimer in America. Washington, DC: Smithsonian, 1983, s. 72-73.
  3. "James Oswald (1711–1769)". Oxford Dictionary of National Biography. Accessed March 15, 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dulcimer
  • Gifford, Paul M. (2001), The Hammered Dulcimer: A History, The Scarecrow Press, Inc. ISBN 0-8108-3943-1
  • Kettlewell, David (1976), The Dulcimer, doktoravhandling. Nettversjon.