Duma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dumaen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Duma (russisk skrift дума) er eit russisk namn på ei representativ forsamling. Ordet er blitt brukt om fyrsteleg rådgjevande, statlege og kommunale forsamlingar. Ordet «duma» kjem frå verbet думать (dumat’), som tyder 'å tenkje' eller 'å vurdere'.

Nemninga blei brukt under keisartida før den russiske revolusjonen, som Statsdumaen i Det russiske keisardømet, og i Russland etter at Sovjetunionen fall. Statsdumaen har sidan 1993 vore nemning for underhuset i den russiske nasjonalforsamlinga. Omgrepet var derimot ikkje i bruk under sovjettida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Duma». Store norske leksikon. 9. mai 2018. Henta 13. oktober 2018.