Dundee-ekspedisjonen 1892–93

Dundee-ekspedisjonen 1892-93 var ein ekspedisjon til Antarktis finansiert av Robert Kinnes frå Dundee i Skottland. Hovudformålet med ekspedisjonen var å kartleggja førekomstane av rettkval og vurdere potensialet for kvalfangst i Sørishavet, etter at kvalane var blitt sjeldne i Nord-Atlanterhavet.[1] Resultatet var nedslåande, og det blei ikkje fanga nokon kval. Det blei likevel teke store mengder sel.
Fire fartøy frå kvalflåten i Dundee blei sende sørover via Falklandsøyane: «Active», «Balaena», «Diana» og «Polar Star». William S. Bruce om bord i «Balaena» og Charles W. Donald på «Active» gjennomførte vitskaplege undersøkingar ved Joinville Island og Trinityhalvøya. Med på ekspedisjonen følgde òg kunstnaren William Gordon Burn Murdoch, og dei fyrste kjende fotografia av det antarktiske kontinentet blei tekne i løpet av ekspedisjonen.
Julaften 1892 støtta den skotske kvalflåten på Carl Anton Larsen og «Jason» nær Joinville Island. Larsen var ute i same ærend som Dundee-ekspedisjonen, på ein ekspedisjon finansiert av Kristen Christensen frå Sandefjord. Resultatet av denne ekspedisjonen var like negativ.
Namngjeving
[endre | endre wikiteksten]Ekspedisjonen namngav fleire stader i Antarktis. 8. januar 1893 oppdaga kaptein Thomas Robertson på «Active» Dundee Island, og kalla henne opp etter heimehamna. Same dagen gav han også namn til Cape Alexander, seinare Mount Alexander, og Gibson Bay på Joinville Island. Active Reef fekk namn etter «Active» etter at fartøyet gjekk på dette revet 10. januar og blei sitjande fast i 6 timar. Active Sound fekk også namn etter skipet. Ekspedisjonen gav også namn til Cape Kinnes på Joinville Island, Cape Scrymgeour på Andersson Island, Welchness på Dundee Island og Firth of Tay mellom Dundee Island og Joinville Island.[2] Baleana Valley på Joinville Island blei målt opp av ekspedisjonen, og fekk seinare namn etter «Baleana». Donald Nunatak på Den antarktiske halvøya fekk seinare namn etter skipslegen C.W. Donald.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Voyage of the Balaena», gdl.cdlr.strath.ac.uk, henta 2026-08-09
- ↑ Alberts, Fred G., red. (1995), Geographic Names of the Antarctic (PDF) (2. utg.), United States Board on Geographic Names, henta 2023-12-03
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå nettside eller dokument frå United States Board on Geographic Names-artikkelen.
- Headland, Robert K. (2009). A Chronolgy of Antarctic exploration (på engelsk). London: Quaritch. s. 224. ISBN 978-0-9550852-8-4.
- Tønnessen, Joh. N. (1967). Den moderne hvalfangsts historie. Vol. 2. Sandefjord: Norges Hvalfangstforbund.
- Denne artikkelen bygger på «Dundee-ekspedisjonen 1892–93» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2026.