Dunderlandsbanen
Utsjånad
| Dunderlandsbanen | |
| Info | |
|---|---|
| Type | Industribane |
| Status | Del av Nordlandsbanen |
| Drift | |
| Opna | 1. november 1904 |
| Eigar | Dunderland Iron Ore Company Ltd (DIOC) |
| Teknisk | |
| Lengde | 23,7 km |
Dunderlandsbanen vart bygd i 1904 frå Storforshei i Dunderlandsdalen til Tverrånes ved Mo i Rana.[1] Den 23,7 km lange private industribanen var konstruert for malmtransport og vart bygd av selskapet Dunderland Iron Ore Company Ltd (DIOC).
I 1942 vart banen beslaglagd av dei tyske okkupasjonsmaktene for innlemming i Nordlandsbanen.[1] Etter krigen vart det i 1947 løyva pengar til ombygging av Dunderlandsbanen og til å kjøpe anlegget frå DIOC. Banen vart offisielt overtatt av NSB frå 1. juli 1947, seinare same år vart Nordlandsbanen opna heilt fram til Lønsdal.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Dunderlandsbanen 100 år 1.november 2004». Bane NOR. Henta 23. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Dunderlandsbanen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2013.