Dunfermline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dunfermline

skotsk-gælisk
skotsk
Dùn Phàrlain
Dunfaurlin
Øvst: Byen, Oppe venstre: Dunfermline High Street, Nede venstre: Andrew Carnegie House, Høgre: Dunfermline City Chambers, Nedst: Italian Garden, Pittencrieff Park
Øvst: Byen, Oppe venstre: Dunfermline High Street, Nede venstre: Andrew Carnegie House, Høgre: Dunfermline City Chambers, Nedst: Italian Garden, Pittencrieff Park
Plassering
Dunfermline is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Flatevidd
 - By

18,3 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

46 430
  2 537,2 /km²
Koordinatar 56°4′″N 3°26′″WKoordinatar: 56°4′″N 3°26′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KY11, KY12
Telefon-retningsnummer 0 1383
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dunfermline

Dunfermline (Dùn Phàrlaingælisk) er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 46 500 innbyggjarar. Byen ligg på ei høgd rundt 2 km frå breidda av Firth of Forth, nordvest for Edinburgh. Byen er den historiske hovudstaden i Skottland og Robert Bruce er gravlagd i klostret. Byen er kryssa frå nord til sør av Pittencrieff Glen, ein djup, måleriaktig og krokete dal som byen moglegvis har fått namnet sitt etter. På botnen av dalen flyt Lyne Burn.

Dunfermline ligg nær marinebasen Rosyth og det er fleire viktige industriar som, elektronikk-, tekstil- og tungindustri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Dunfermline strekkjer seg tilbake til førhistorisk tidculdee'ane hadde ei busetjing her. Namnet kjem frå gæliske Dùn Phàrlain som kan tyde «Borga til Partholan» eller «Borga ved den kroka dalen». Det er ikkje kjent kven den mytiske personen Partholan var, men det finst tapte forteljingar om ein helt med dette namnet, stundom referert til «den keltiske Atlas». Det er òg basisen for etternamnet «MacFarlane» frå «MacPhàrlain».

Dunfermline er ein av dei eldste busetnadane i Skottland. Forutan det gamle klostret er det òg spor av ein bronse- og jernalderbusetnad. Byen var hovudstaden i Skottland i meir enn 500 år.

Det aukande ryet til byen og framgangen vert datert til tida frå bryllaupet mellom Malcolm Canmore og dronninga hans Margaret som vart halde i byen i 1070. Kongen levde her i ei tårnborg på ei høgd som var dekt av dalen på tre sider. Eit fragment av denne borga kan ein enno sjå i Pittencrieff Park, litt vest for palasset som vart bygd seinare.

Etter krav frå dronning Margaret (den seinare Sankt Margaret) i 1075 vart fundamentet for bygginga av eit benediktinarbygg reist og sidan oppgradert til eit kloster av David I av Skottland (sjå Dunfermline Abbey). Robert Bruce gav byen rettane for burgh-status i 1322, som vart stadfesta av kong Jakob I av Skottland i 1588.

Industri[endre | endre wikiteksten]

1700-talet skreiv den engelske forfattaren Daniel Defoe at byen viste «den komplette perfeksjonen av forfall», men han fekk igjen framgang. Det vart etablert ein lintøyindustri og veving av tekstil vart introdusert i 1718 av James Blake som hadde lært prosessen i Drumsheugh i nærleiken av Edinburgh. På denne tida var prosessen ein industriløyndom, og det blir at sagt James Blake fekk lurt seg inn ved å spele idiot, og etter 1718 vart handelen med lintøy auka i store byks, men òg på grunn av kvaliteten og formgjevinga til fabrikantane i byen.

Annan industri som har medverka til framgangen til byen er farging og bleiking, messing- og jernindustri, maskinkonstruksjon, bryggeri og destillering, konfeksjon, reip- og tauproduksjon, produksjon av såpe og talglys.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Dagens kloster er dominert av ei soknekyrkje som ber namnet «Kong Robert The Bruce» rundt dei sentrale tårna. Den store helten til Skottland er gravlagd under klostret, skjønt hjartet hans ligg i Melrose i det sørlege Skottland. Då soknekyrkja vart bygt i 1821 vart kista til kongen bygt inn under preikestolen. Den endelege kvilestaden hans er no markert med ein spektakulær messingtavle.

Forutan New Abbey-kyrkja finst United Free-kyrkja i Queen Anne Street, som vart grunnlagt av Ralph Erskine, og Gillespie-kyrkja, namngjeven etter Thomas Gillespie (1708-1774), ein annan leiar av rørsla for å lausrive kyrkja frå staten. Erskine er ært med ein statue føre si eiga kyrkje og ein sarkofag over grava hans på kyrkjegarden til klostret. Gillespie er ært med ei minnetavle i marmor på veggen over kvilestaden hans inne i klostret.

Bygningen til bystyret, i blanding av skotsk herskap og fransk gotisk stil, har byster av fleire skotske overhovud, ei byste av Robert Burns og Nokol Paton-måleriet av Spirit of Religion.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Kongane David II av Skottland og Jakob I av Skottland vart begge fødde her. Fleire andre viktige namn har òg tilknyting til Dunfermline; poeten Robert Henryson (1430-1506) var lærar i byen; kyrkjehistorikaren John Row (1568-1646) levde i Carnock, 5 km austom sentrum; og David Fergusson (død 1598), som utgav den første samlinga av skotske ordtak (ikkje utgjeve før 1641), var prest for soknet; poeten Robert Gilfillan (1798-1850); og Sir Joseph Nokol Paton (1821-1901) var målar og poet, og faren hans var designar for tekstilindustrien, dei var alle fødde i Dunfermline.

Av dagens kjende er Ian Anderson, frå rockegruppa Jethro Tull, fødd her den 10. august 1947, og det same med forfattaren Iain Banks den 16. februar 1954.

Andrew Carnegie (1835-1919) er den mest feira av sønene til byen sidan han er den største bidragsytaren til staden. Han gav eit bibliotek og offentleg bad til byen, og i 1903 områda Pittencrieff Park og Glen, rike i historiske assosiasjonar så vel som rike naturområde. Han gav òg obligasjonar tilsvarande ein årleg sum på 25 000 pund i ein stifting for vedlikehalda parken, støytte for teaterproduksjonar, støytte for periodiske kunstutstillingar, og sjølv om New York sin Carnegie Hall er meir kjent, har Dunfermline sin eigen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Dunfermline har tre venskapsbyar:

Sport[endre | endre wikiteksten]

Dunfermline har eit profesjonelt fotballag, Dunfermline Athletic, som spelar i nest øvste divisjonen. Klubben held til på East End Park i Halbeath Road og har kallenamnet «The Pars». Klubben vann den skotske cupen i 1961 og 1968 og kvalifiserte seg dermed for Cupvinnarcupen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dunfermlines best kjende musikkeksport er punkbandet The Skids som hadde eit viss ry på slutten av 1970-talet. Eit av albuma deira hadde tittelen «Dunfermline» og den største hitten deira, «Into the Valley» er enno sungen av lokale fotballfans.

Ei anna kjend rockegruppe frå staden er Nazareth, som hadde ein viss suksess i løpet av 1970-talet, mellom anna med den store hitten deira «Love Hurts». Nazareth har enno tilhengjarar og bandet turnerer enno.

Dunfermline er òg heimstaden for gruppene Big Country og Summerisle og fødestad for songaren og skodespelaren Barbara Dickson.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]