Sarothrura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dunrikser)
Sarothrura
Prikkdunrikse, Sarothrura pulchra
Prikkdunrikse, Sarothrura pulchra
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Dunriksefamilien Sarothruridae
Slekt: Sarothrura
Heine, 1890

Sarothrura er ei biologisk slekt av ni artar små rikseliknande fuglar med fellesnamnet dunrikse på norsk. Fellesnamnet er avleidd frå utsjånaden på den korte halen, han har degraderte, lette, dunaktige fjører. Slekta er avgrensa til sju artar fordelt på Afrika sør for Sahara, og to artar funne på Madagaskar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dunrikser er mykje skye og sjeldan observerte. To artar, skogdunrikse og prikkdunrikse, har habitat i tett skog, er dei attverande artane som finst på grassletter og myrar. Ein art, pildunrikse, er kjent for å vere trekkfugl, det er usikkert om dette kan gjelde andre artar òg. Alle artar unntatt prikkdunrikse syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, men ikkje i storleik. For mange dunrikseartar har ein ikkje observert hekkeåtferda, men somme artar hekkar i regntida. Alle artane er svært vokale i hekkesesongen, med repertoar som inkluderer duettar. Åtferda ved kurtise hos gassardunriksa består av duettvokalisering, reirbygging av hannen, vitjing av hofuglar og paring. Reira er overbygde, og hos gassardunrikse er det plassert høgt over bakken i klatreplantar, kvitvengdunrikse legg reiret i siv over vassmetta jord. Egga av artar som er studert er kvite, noko som er uvanleg for rikser. Ungane er dekt av svart dun ved klekking og har litt farge på nebbet, hos dei fleste artane får dei raskt utvikla moden fjørdrakt. Begge foreldra gjev omsut for ungane.

To artar er i dag rekna som truga av IUCN, det er kvitvengdunrikse[1] og brundunrikse.[2] Begge taper habitat som følgje av drenering av våtmarker for jorddyrking.

Taksonomi og artar[endre | endre wikiteksten]

Med referanse til Hackett et al, 2008[3] har IOC World Bird List på nettstaden WorldBirdNames.org rangert slekta som einaste slekt i sin eigen familie Sarothruridae. [4] Clementslista gjer dunrikser til ein sjølvstendig familie frå versjon 6.8.[5]

Dunrikser i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [6]

  • Prikkdunrikse, Sarothrura pulchra, White-spotted Flufftail, LC, Gray, 1829
  • Skogdunrikse, Sarothrura elegans, Buff-spotted Flufftail, LC, Smith, 1839
  • Rustdunrikse, Sarothrura rufa, Red-chested Flufftail, LC, Vieillot, 1819
  • Sørgjedunrikse, Sarothrura lugens, Chestnut-headed Flufftail, LC, Böhm, 1884
  • Pildunrikse, Sarothrura boehmi, Streaky-breasted Flufftail, LC, Reichenow, 1900
  • Stripedunrikse, Sarothrura affinis, Striped Flufftail, LC, Smith, 1828
  • Gassardunrikse, Sarothrura insularis, Madagascar Flufftail, LC, Sharpe, 1870
  • Kvitvengdunrikse, Sarothrura ayresi, White-winged Flufftail, CR, Gurney, 1877
  • Brundunrikse, Sarothrura watersi, Slender-billed Flufftail, EN, Bartlett, 1879

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2014) Species factsheet: Sarothrura ayresi. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. desember 2014.
  2. BirdLife International (2014) Species factsheet: Sarothrura watersi. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. desember 2014.
  3. Hackett, S.J.; Kimball, R.T.; Reddy, S.; Bowie, R.C.K.; Braun, E.L.; Braun, M.J.; Chojnowski, J.L.; Cox, W.A.; Han, K-L.; Harshman, J.; Huddleston, C.J.; Marks, B.D.; Miglia, K.J.; Moore, W.S.; Sheldon, F.H.; Steadman, D.W.; Witt, C.C.; Yuri, T. (27. juni 2008). «A phylogenomic study of birds reveals their evolutionary history». Science 320: 1763–1768. Henta 2. januar 2011. 
  4. Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Order Gruiformes)». Henta 6. januar 2011. 
  5. 5,0 5,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 4. november 2013 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Keith, Stuart; Benson, Constantine Walter; Irwin, Michael P. Stuart. (1970) "The genus Sarothrura (Aves, Rallidae)." Bulletin of the American Museum of Natural History 143 article 1 [1]
  • René de Roland, Lily-Arison (2004)"Observations on nest building and courtship behaviour of the Madagascar Flufftail Sarothrura insularis" Bulletin of the African Bird Club 11(1): 42-43. [2] Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.