Duppeditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dings, duppeditt, greie, tingest og liknande er ord brukte i staden for det eigentlege namnet på ein gjenstand. Slike ord kan brukast om ein ikkje veit eller ikkje gidd seia namnet på dei. Ofte kan orda ha ein vag definisjon, ved at til dømes «duppeditt» er ein ganske liten ting medan «greie» kan vera større.

Eit anna trekk ved desse erstattande orda er at ein ofte leikar seg med dei. Det morosame ordet «duppeditt» kan til dømes omformast til «dippedutt» eller «duppedings». Eit tilsvarande ord på engelsk er «thingummy», som kan bli til «thingamabob» eller «thingamajig».

Døme[endre | endre wikiteksten]

  • Dings - truleg frå lågtysk eller tysk, genitiv av Ding ('ting')[1]
  • Dirredért - ei lita, finurleg sak
  • Duppeditt - truleg frå fransk [une] tout petite [chose] ('ein svært liten ting'). Orda «duppeditt» og «dippedutt» har kome til norsk frå dansk.[2] Opphavet til desse orda kan vera fransk tout petite, 'svært liten'.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]