Dust Bowl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
På 1930-talet var det i den sentrale prærie- og steppelandet The Great Plains i USA fleire enorme sand- og jordstormar under ein årelang tørkeperiode som vert kalla The Dust Bowl. Biletet viser ei tett sky av støv frå laus, tørr jord i ein støvstorm i Spearman i Texas 14. april 1935.

The Dust Bowl («støvskåla», «støvgropa» eller «støvbollen») er kallenamn på ei økologisk miljøkrise i sentrale område av Nord-Amerika i 1930-åra og namn på dei områda som vart råka av krisa, som vil seie det vidstrekte prærie- og steppelandet The Great Plains i midtvesten i USA og Canada (særleg Saskatchewan).[1][2][3] Perioden var prega av økonomisk depresjon, ekstrem tørke og ofseleg erosjon på grunn av vind, der det øvste laget av jordsmonnet i det tørre landskapet bles bort i ofselege støvstormar. Tørken råka dei sørlege og sentrale slettene i delstatane Colorado, Nebraska, Kansas og Oklahoma ned til New Mexico og Texas. Dei nordlege præriane i USA vart ikkje like hardt ramma. Øydeleggingane i jordbruket forlengte den store depresjonen i landet og førte til stor utflytting frå dei vondaste ramma prærieområda. Dårlege jordbruksmetodar med opploga grasdekke og årelang tørke forårsaka hendingane. Det vondaste var over rundt 1937, men mindre støvstormar varte heilt til 1941.

Uttryket dust bowl som tilnamn på dei råka områda vart skapt av ein journalist våren 1935. Det er sidan òg vorte brukt om tilsvarande ekstreme tørkeperiodar og tørre, ufruktbare jordbruksområde andre stadar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Allereie frå 1860-talet var det ei tilstrøyming av jordbrukarar til præriane. Før og på 1920-talet flytta mange fleire bønder ut til slettene då dei såg nye høve til å auka produksjonen. Graslettene vart pløygde opp for å dyrka kveite. I mange år med mykje regn kunne ein dyrka svært mykje korn. I byrjinga av 1930-talet sette det inn ei vedvarande tørketid. Til trass for dette heldt bøndene fram med å dyrka på same vis; jordsmonnet vart fråteke grasdekket av pløyinga over enorme område, og fordi ein pløya i rette linjer og ikkje etter konturane til landskapet vart jordsmonnet ytterlegare blottlagt for erosjonskreftene. Jorda vart utarma for næringsemne og topplageret til marka som heldt jorda på plass forsvann. Ein rekordavling av kveite i 1931 førte til at kornprisane sokk og bøndene fekk ein tyngre økonomisk situasjon.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Kart frå amerikanske landbruksstyresmakter som viser delstatar og fylke i USA som vart ramma av tørken 1935–1938. Rørde delstatar er Colorado (CO), Nebraska (NE), Kansas (KS), New Mexico (NM), Texas (TX) og Oklahoma (OK).

I 1931 byrja tørken å gjera seg gjeldande for alvor. Vinden trekte opp partiklar frå bakken og danna store støvskyar. I 1931 byrja sandstormane å rasa, og då det ikkje fanst plantedekke som kunne halda tilbake jord- og sandpartiklane i marka vart det danna enorme støvskyer. I 1932 vart det rapportert om 14 sandstormar, i 1933 om 38. Sandstormane bles inn over hus og bustadområde og skapte særs vanskelege tilhøve for folkesetnaden. Partikkeltettleiken i lufta auka til den graden at solstrålane ikkje kunne bryta gjennom. Menneske som pusta inn den skitne lufta fekk helseproblem.

Den aller vondaste tørken og erosjonen rørde 400 000 km2 sentrert i panhandle-områda i både Texas og Oklahoma og dei tilgrensande delane av New Mexico, Colorado og Kansas.

Støvskyene kunne blåsa austover over lange strekningar. Ved eit høve vart omkring 5000 tonn støv sloppe over Chicago. Same stormen råka dagane etter byar langt austafor, som Buffalo, Boston, Cleveland, New York City og Washington, D.C. Den vinteren (1934–1935) fall den raude snøen i New England.[4]

Ei masseflukt av utarma bønder og landarbeidarar frå Oklahoma (såkalla Okies) og andre av delstatane på slettene starta, ikkje minst mot California.

Mottiltak[endre | endre wikiteksten]

Amerikanarane lærte mykje om jordbruksteknikkar og økologi av krisa. Blant tiltaka som vart tekne i bruk var konturpløying, varierande (ikkje så djup) plogdjupn, tilsåing av bomullsåkrane etter innhaustinga, tiltak mot overbeiting ved reduksjon av dyrehaldet, skogplanting, ugraskontroll og anna jordpleie.

Den økologiske krisen førte til at den amerikanske regjeringa oppretta Soil Conservation Service, no kalla Natural Resources Conservation Service.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. [2]
  3. [3]
  4. Stock, Catherine McNicol (1992). Main Street in Crisis: The Great Depression and the Old Middle Class on the Northern Plains, s. 24. University of North Carolina Press. ISBN 0-8078-4689-9.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • David Montgomery: Dirt: The Erosion of Civilizations. University of California Press, 2008
  • Dayton Duncan: The Dust Bowl - An Illustrated History. Chronicle Books, San Francisco 2012, ISBN 9781452107943
  • Christophe Masutti: Les faiseurs de pluie. Dust Bowl, écologie et gouvernement (Etats-Unis, 1930-1940), DHVS/Univ. Strasbourg, sous licence CC-By-Sa, 2012. webside
  • Timothy Egan: The Worst Hard Time: The Untold Story of Those Who Survived The Great American Dust Bowl, Houghton Miflin Company, New York, 2006, ISBN 0-618-34697-X.
  • Paul Bonnifield: The Dust Bowl: Men, Dirt, and Depression, University of New Mexico Press, Albuquerque, 1978, ISBN 0-8263-0485-0
  • Katelan Janke: «Survival in the Storm: The Dust Bowl Diary of Grace Edwards, Dalhart, Texas, 1935», i Scholastic, september 2002, ISBN 0-439-21599-4
Romanar