Dust My Broom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Believe I'll Dust My Broom
Singel av Robert Johnson
B-side «Dead Shrimp Blues»
Utgjeve April 1937
Innspelt Gunter Hotel i San Antonio i Texas, måndag 23. november 1936
Sjanger Blues
Lengd 2:58
Selskap Vocalion (no. 03475)
Låtskrivar(ar) Robert Johnson
Produsent Don Law

«Dust My Broom» er ein bluessong, opphavleg spelt inn som «I Believe I'll Dust My Broom» av den amerikanske bluesartisten Robert Johnson i 1936. Han spelar songen solo i Delta blues-stil med vokal og akustisk gitar. Som med mange av songane hans, er han basert på tidlegare bluessongar, og den tidlegaste identifiserte songen er «I Believe I'll Make a Change», spelt inn av Sparks-brørne som «Pinetop and Lindberg» i 1932. Johnson spelar ein tidleg boogie-rytme på gitaren, som vart rekna som ei stor nyvinning, i tillegg til repeterande triolar. «I Believe I'll Dust My Broom» vart gjeve ut før bluesplater vart registrert av plateindustrien, og som dei fleste innspelingane til Johnson er ikkje salstala registrert.

Det var Elmore James si innspeling frå 1951 av «Dust My Broom» som «gjorde han til den klassikaren me kjenner han som», i følgje blueshistorikaren Gerard Herzhaft.[1] James spelte triolane til Johnson på slidegitar og har blitt kjend som eit av dei mest kjende bluegitarriffa og inspirert mange rockeartistar. Songen har blitt ein blues-standard, og mange musikarar har spelt inn songen. Songen er òg valt ut til Blues Foundation Blues Hall of Fame, Grammy Hall of Fame og Library of Congress sitt National Recording Registry.

Tidlegare songar[endre | endre wikiteksten]

Element av «Dust My Broom» er spora attende til fleire tidlegare bluessongar. Bluesforskaren Edward Komara meiner at Johnson kan ha byrja å utvikle sin versjon så tidleg som i 1933.[2] Sparks-brørne si innspeling frå 1932 av «I Believe I'll Make A Change» og Jack Kelly si av «Believe I'll Go Back Home» i 1933 har begge ein liknande melodi og tekst.[3] Somme vers finn ein òg i Carl Rafferty sin «Mr. Carl's Blues» frå 1933:[4]

I do believe, I do believe I'll dust my broom (2×)
And after I dust my broom, anyone may have my room ...
I'm goin' to call up in China, just to see if my baby's over there (2×)
I'll always believe, my babe's in the world somewhere

Kokomo Arnold, som hadde «Old Original Kokomo Blues» som Johnson nytta som grunnlag for «Sweet Home Chicago», spelte inn to songar med liknande tekst,[5] «Sagefield Woman Blues» i 1934:

I believe, I believe I'll dust my broom (2×)
So some of your lowdown rounders, lord you can have my room

og «Sissy Man Blues» i 1935:

I believe, I believe I'll go back home (2×)
Lord acknowledge to my good gal, mama, Lord, that I have done you wrong
Now I'm going to ring up China yeah man, see can I find my good gal over there (2×)
Says the Good Book tells me, that I got a good gal in the world somewhere

Melodien som Jonson nytta finn ein òg i «I Believe I'll Make a Change» av Leroy Carr[5] og Josh White frå 1934.[3]

Tekst og tolking[endre | endre wikiteksten]

Johnson-versjonen av «I Believe I'll Dust My Broom» kombinerer tekstar, identifisert som «flytande vers»,[5] frå tidlegare songar og legg til to ny vers sjølv. Musikkhistorikaren Elijah Wald kalla resultatet «ein meir samanhengande tekst enn Arnold og konsentrere seg om temaet reise, og å vere borte frå jenta han er glad i».[6] Det er gjort forsøk på å lese hoodoo-indikasjonar i uttrykket «dust my broom».[7] Bluesmannen Big Joe Williams, som kjende Johnson og var kjend med folketru, forklarte at det var «og dra for godt ... eg kjem ikkje tilbake igjen».[7]

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«I Believe I'll Dust My Broom» vart spelt inn av Johnson under den første innspelinga si den 23. november 1936. Innspelinga fann stad i eit mellombels studio på rom 414 på Gunter Hotel i San Antonio i Texas, og var produsert av Art Satherley og Don Law.[8] Det var den andre songen Johnson spelte inn, og følgde «Kind Hearted Woman Blues». Som med dei fleste innspelingane hans, verkar det som om det vart spelt inn eit opptak til av songen og gjeve eit referansenummer.[9] Stephen LaVere, som styrer innspelingane til Johnson, skriv at dette opptaket, i lag med fleire andre «ikkje er funnen, om det nokon gong blei gjeve ut; øydelagd etter innspelinga (om han blei innspelt); eller elles ukjend for samlarar».[9]

Johnson spelte inn songen som ein livleg boogie shuffle.[10] Som med fleire andre Johnson-songar, og typisk for Delta blues-stilen frå den tida, følgjer han ikkje strengt strukturen til ein 12-taktsblues, men i staden varierer timinga slik det passar han.[6] Songen vert spelt i E-dur i eit moderat tempo på 100-105 slag i minuttet. I motsetnad til somme av dei tidlegare songane som påverka Johnson, nyttar han ikkje flaskehals eller slidegitar på «I Believe I'll Dust My Broom».[11] I staden nyttar Johnson ein fingerstil, der dei melodiske linjene vert spelt mot ein drivande bass-boogie.[6] Wald reknar bruken av ei boogie-basslinje, tilpassa for gitar frå piano, som ei stor nyskaping av Johnson, sjølv om det hadde blitt brukt i 1935 på ei innspeling av Johnny Temple, kalla «Lead Pencil Blues (It Just Won't Write)».[6][12]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«I Believe I'll Dust My Broom» kom ut i 1937 på tre tilknytte plateselskap: Vocalion Records (katalognummer 03475), ARC (katalognummer 7-02-81) og Conqueror Records (katalognummer 8871).[9] Desse vart gjeve ut på ein vanleg 10-tommar vinyl, med Johnson sin «Dead Shrimp Blues» på baksida. Singelen var den tredje av elleve som Johnson spelte inn medan han levde.

Elmore James-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Dust My Broom (I Believe My Time Ain't Long)
Singel av Elmore James
B-side «Catfish Blues» (performed by Bobo Thomas)
Utgjeve 1951
Innspelt Ivan Scott's Radio Service Studio, Jackson i Mississippi, 5. august 1951
Sjanger Elektrisk blues
Lengd 2:42
Selskap Trumpet (No. 146)
Låtskrivar(ar) Elmore James
Produsent Lillian McMurry

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I følgje somme dokument, var «Dust My Broom» ein av dei første songane Elmore James spelte fast då han budde i Mississippi Delta seint i 1930-åra.[13] Blueshistorikaren Ray Topping meiner at James kan ha møtt Robert Johnson på denne tida, då han lærte seg å spele songen.[14] James spelte ofte med Aleck Rice Miller, betre kjend som Sonny Boy Williamson II, som ein duo. Men musikkarrieren hans vart avbroten av ein periode i U.S. Navy under andre verdskrigen. Då krigen var over, slo han seg saman att med Williamson, som ofte spelte på radio. I januar 1951 fekk Williamson høve til å spele inn nokre songar for Trumpet Records, der han i følgje ei kjende vart akkompagnert av James.[15] I august spelte duoen «Dust My Broom» for Trumpet-eigaren Lillian McMurry, som signerte ein platekontrakt med James.[15] Samstundes vart to versjonar av «Dust My Broom» spelt inn av Arthur «Big Boy» Crudup i 1949 og Robert Lockwood i 1951.[1] Ingen av desse versjonane nådde platelistene.[16]

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Den 5. august 1951, etter ei innspeling med Sonny Boy Williamson II, spelte Elmore James inn «Dust My Broom» i Ivan Scott's Radio Service Studio i Jackson i Mississippi.[15] James, som song og spelte forsterka slidegitar, er akkompagnert av Williamson på munnspel, Leonard Ware på bass og Frock O'Dell på trommer.[17] Studioet hadde ikkje blitt oppgradert til å nytte lydband, så gruppa spelte inn direkte på plate ved hjelp av ein enkel mikrofon.[18] Det var den einaste songen James spelte inn. McMurray i Trumpet følte dei andre songane hans ikkje høvde seg for innspeling.[15] Men Williamson og syskebarnet til James, Homesick James, hevda seinare at McMurry i løyndom spelte inn framføringa, og at Elmore var så oppskaka av dette at han ikkje klarte å spele inn ei B-side.[19]

For songen nytta Elmore James dei fire første versa til Robert Johnson og avslutta med eit liknande vers som Arthur Crudup hadde nytta på si innspeling i 1949:

I believe, I believe my time ain't long (2×)
I've got to leave my baby, and break up my happy home

James følgde melodien, tonearten og tempoet til Johnson, men nyttar akkordendringar som er meir typisk for ein 12-taktsblues. Musikkforskaren Robert Palmer, meiner han «omgjorde det som hadde vore ein livleg countryblues til ein rockande, tung shuffle».[19] Utanom akkompagnement, var det mest oppsiktsvekkande med songen den forvrengde slidegitaren til James, som han speler som repeterande triolar, i tillegg til ein 12-taktar lang solo etter det femte verset.[20] Han nyttar ein vibrato på sliden, som er særskild for den skranglande gitarstilen hans.[21] Musikkritikaren Cub Koda skriv om James-versjonen at «dette kan vere det mest kjende bluesriffet gjennom tidene, ved sidan av den fire notar lange introen til Bo Diddley sin 'I'm a Man'».[22]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Elmore James spelte ikkje fleire av sine eigne songar for Trumpet, men han var seinare med som sidemann.[3] McMurry, som ikkje var klar over at det var tidlegare innspelingar av songen, arrangert opphavsretten til «Dust My Broom» i namnet til James og gav sidan ut singelen, med ei utgåve av «Catfish Blues» med Bobo Thomas som B-sida. Begge songane vart oppført som framført av «Elmo James»,[23] men James spelte ikkje med Thomas. Regionale platelister syner at «Dust My Broom» gradvis vart populær i forskjellige daler av USA.[15] Han gjekk etter kvart inn på magasinet Billboard si nasjonale Top R&B-liste 5. april 1952 og nådde ein niandeplass der.[24] I 1955, etter ein oppdatert versjon vart gjeve ut på eit anna selskap, leigde McMurray innspelinga ut til Ace Records, som gav han ut på ny.[3] Jewel Records gav òg den originale Trumpet-innspelinga som singel i 1965.[25]

Sidan han opphavleg vart spelt inn på Trumpet, finst ikkje den originale innspelinga på mange av dei tidlege samlealbuma til James av Crown/Kent. Men han er med på King Biscuit Time, ei samling av Sonny Boy Williamson II på Arhoolie Records,[26] og ein plateboks av James, The Early Classic Recordings 1951–1956.[17] Versjonane av «Dust My Broom» som finst på mange samleplater av Fire/Fury/Enjoy/Sphere/Sue, som King of the Slide Guitar, vart spelte inn under den første innspelinga hans i Chicago i 1959 og den siste innspelinga i New York seint i 1962 eller tidleg i 1963.[27] Desse seinare utgåvene er utan munnspel, men har pianoakkompagnement.[27]

Variantar og «Dust My Blues»[endre | endre wikiteksten]

Suksessen med singelen for det relativt vesle Trumpet Records, gjorde at andre plateselskap kontakta James for å få han til å spele inn for dei.[15] Joe Bihari, som eigde det Los Angeles-baserte Modern Records med brørne sine, og talentspeidaren Ike Turner var ein av dei første. Under ei seinare innspeling i Chicago vart «I Believe» spelt inn, som var ein variant av «Dust My Broom», som nådde niandeplassen på singellista og vart den første som vart gjeven ut på Modern-etiketten til Meteor Records i 1953. Han fekk to hit i løpet av same året med som i røynda var same songen. Mange omarbeidingar av «Dust My Broom» med små variasjonar vart spelte inn av James for forskjellige plateselskap gjennom karrieren hans.[28]

I 1955 gav Flair Records, ein annan Bihari-etikett, ut ein omarbeidd versjon av songen kalla «Dust My Blues» (katalognummer 1074).[25] Denne vart spelt inn i New Orleans i Cosimo Matassa sitt J&M Studios, der James vart akkompagnert av erfarne musikarar frå New Orleans, inkludert bassisten Frank Fields, trommeslagaren Earl Palmer og pianisten Edward Frank.[29] Topping kalla det «ein mektig versjon av det gamle broom-temaet»[29] og Gillett kalla det «ein fin, hard og drivande song».[21] «Dust My Blues» er kanskje den definitive nyinnspelinga av originalen til James, med eit oppdatert akkompagnement.[29] Denne dukka opp på somme regionale salslister då singelen kom ut i 1960-åra. Etter den britiske utgjevinga i 1964 av «Dust My Blues»,[25] var det mange britiske bluesgitaristar som byrja å spele slidegitar i same stil som James.[21]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Elmore James sin «Dust My Broom» vart innlemma i Blues Foundation Blues Hall of Fame i kategorien «Classic of Blues Recording — Singles or Album Tracks» i 1983, og noterte at han fekk fleire stemmer enn nokon annan song i kategorien.[30] Songen hans vart òg ein del av Grammy Hall of Fame i 1998.[31] I 2003 vart den originale Trumpet-innspelinga frå 1951 valt ut for bevaring i det amerikanske Library of Congress sitt National Recording Registry (nasjonalt platearkiv), og skreiv at «James er kjend for å ha fikla med gitarmikrofonane og fansen kranglar framleis om korleis han fekk til signaturlyden sin. Uansett kva kombinasjon av gitar og pickup som vart nytta i slidegitaropninga, skapte Elmore James det mest kjende gitarriffet i blueshistoria».[32]

Innspelingar av andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Fleire musikarar har spelt inn «Dust My Broom» (stundom som «Dust My Blues») i løpet av åra, vanlegvis med slidegitar og med arrangementet til Elmore James. Somme av desse er:[33]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Herzhaft 1992, s. 446.
  2. Komara 2007, s. 47.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Wardlow 1998, s. 168.
  4. Oliver 1989, s. 189.
  5. 5,0 5,1 5,2 Wald 2004, s. 135.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Wald 2004, s. 136.
  7. 7,0 7,1 Pearson, McCulloch 2008, s. 68.
  8. Wald 2004, s. 120.
  9. 9,0 9,1 9,2 LaVere 1990, s. 46.
  10. Wald 2004, s. 138.
  11. Charters 1973, s. 29.
  12. Researcher Edward Komara suggests Johnson and Temple jointly developed the style. Komara 2007, pp. 44–45.
  13. Wardlow 1998, pp. 160–162.
  14. Topping 1993, s. 10.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 Topping 1993, s. 11.
  16. Whitburn 1988, s. 485.
  17. 17,0 17,1 Topping 1993, s. 29.
  18. Wardlow 1998, s. 167.
  19. 19,0 19,1 Palmer 1981, s. 214.
  20. Gioia 2008, s. 313.
  21. 21,0 21,1 21,2 Gillett 1972, s. 161.
  22. Koda, Cub. «Dust My Broom». AllMusic. Rovi Corp. Henta October 29, 2013. 
  23. Even though his first name was usually spelled «Elmore", many referred to him using the shortened «Elmo".
  24. Whitburn 1988, s. 216.
  25. 25,0 25,1 25,2 Topping 1993, s. 33.
  26. Oliver 1989 Album notes, back cover.
  27. 27,0 27,1 Morris, Haig 1992, s. 12–13.
  28. Gioia 2008, s. 314.
  29. 29,0 29,1 29,2 Topping 1993, s. 15.
  30. O'Neal, Jim (1983). «Classic of Blues Recording — Singlar or Album Tracks». Blues Hall of Fame — 1983 Inductees. The Blues Foundation. Henta 9. mai 2015. 
  31. «Grammy Hall of Fame Awards — Past Recipients: D». The Recording Academy. 1998. Henta 9. mai 2015. 
  32. «The Full National Recording Registry». U.S. Library of Congress. Henta 9. mai 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  33. «Song search results for 'Dust My Broom'». AllMusic. Rovi Corp. Henta 11. mai 2015.