Dverberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 69°6′20.3″N 15°57′48.9″E

Minnesmerke over falne frå Dverberg sokn 1940–45

Dverberg er ein liten busetnad i Andøy kommune i Nordland på austsida av Andøya med Fv82. Staden hadde ca. 238 innbyggjarar i 2001. Like nord for busetnaden ligg Dverberg kyrkje, ei åttekanta trekyrkje bygd i 1843. Tidlegare vart Myre brukt som namn på busetnaden.

Dverberg var tidlegare ein eigen kommune i Nordland, og hadde ei utstrekning som svarar til Andøy kommune i dag. I 1924 vart Dveberg delt i tre og Bjørnskinn og Andenes vart skilde ut som eigne kommunar. I 1964 vart Dverberg slått saman med kommunane Bjørnskinn og Andenes att til nye Andøy kommune. Ved samanslåinga hadde Dverberg kommune 1 719 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Dverberg. – tettbebyggelse i Andøy» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]