Dverghornugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dverghornugle
Bilete frå Herálec, Tjekkia
Bilete frå Herálec, Tjekkia

Dverghornugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av dverghornugle
Utbreiinga av dverghornugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Art: Dverghornugle O. scops
Vitskapleg namn
Otus scops

Dverghornugle (Otus scops) er ein ugleart i den biologiske slekta Otus. Ugla er ein vanleg hekkefugl i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og delar av sentrale og vestlege Asia. Ho er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika sør for Sahara.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei lita ugle som måler cirka 19 centimeter, ein typisk storleik for ei Otus-ugle. Storleiken er dermed som ein stare. Vekta varierer, dei kan vege i området 60-135 gram. Ho er ganske einsfarga brun eller gråbrun med mørkebrune strek og lysare flekke. Undersida er lysare enn oversida. Irisen er gul, føtene er fjørkledde i lyst brungult.[1] Dverghornugler kan reise og senke øyrefjørene. I Europa er moglege forvekslingsartar i utkanten av folkesette område dei litt større ugleartane kyrkjeugle og dvergugle.

Dverghornugla sitt vanlegaste læte er eit kart og djupt «tjo(k)» som gjentakast kvart andre, tredje eller kvart fjerde sekund. Jamført med fødselshjelparfrosken, Alytes obstetricans, som lever i vestlege Europa, er tonane meir melodiske og noko lengre.[2]

Brorparten av populasjonen er trekkfuglar. Dei hekkar i eit belte frå Iberiahalvøya og nordvestlege Afrika i vest og austover til Bajkalsjøen og nordlegaste Mongolia. I Europa femnar området om Frankrike, Italia, Balkan, søraustlege Kviterussland og sørvestre Russland. Utanfor Europa på dei store øyane i Middelhavet, Anatolia, Midtausten, Kaukasus og vestlege Iran, sentrale Pakistan og inn i Afghanistan. Brorparten overvintrar i Afrika sør for Sahara i Sahelregionen nord om ekvator. Ein liten del av populasjonen rundt Middelhavet er standfuglar.[1]

Dverghornugla hekkar i lauv- og blandingsskog, i jordbruksstrøk, skogkledde fjelltrakter, men òg i byparkar og andre halvopne habitat i urbane strøk. Ho plasserer reiret sitt i hole tre eller bygningar, men kan òg overta brukte reirplassar frå andre fuglar. Kullet er på 4-5 kvite egg som rugast av hoa i 24-25 dagar. Ungane blir tatt om hand av båe foreldra i 21-29 dagar innan dei er flygedyktige.[1] Dverghornugla livnærer seg primært av insekt, men kan òg ta små virveldyr inkludert reptil.[1]

Verdspopulasjonen er minkande og blir estimert til mellom 790 000 og 1,4 millionar vaksne individ. IUCN har kategorisert arten som livskraftig, LC.[3]

I Noreg

Det finst berre særs få funn av dverghornugle i Noreg, og den første registreringa er frå 1954.[4] I Artsobservasjoner.no har ein tre andre, Larvik i 2002 og Tromsø i 2013.[5] Der er også registrert eit funn i 2018 på Eldfisk-feltet, lengst sør på den norske kontinentalsokkelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2021). Eurasian Scops-Owl (Otus scops), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eursco1.01.1
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus scops. Henta 25. september 2021
  4. Skipnes, Kolbjørn (1998). Førstegangsfunn av fugler i Norge, i fugleskinnsamlingen på Stavanger Museum. Stavanger: Stavanger museum. s. 97. 
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 25. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus scops
Commons har multimedium som gjeld: Dverghornugle