Dvergvedder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blå dvergvedder

Dvergvedder er ein populær tamkaninrase. Han er ein minatyrvedder, og er kjenneteikna av hengande øyre og ei låg vekt, ideelt mellom 1,4 til 1,9 kg.

Tre år gammal dvergvedder.

Rasen blei ala fram i Nederland av Adrian de Cock frå slutten av 1940-talet, som kryssa fransk vedder, hermelin og engelsk vedder. Dvergvedderen blei innført i den nederlandske standarden i 1964, og blei teken med i Nordisk standard i 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]