Dwight Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dwight Stones

DwightStones.JPG

Statsborgarskap USA
Fødd 6. desember 1953 (69 år)
Los Angeles
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Dwight Edwin Stones (fødd 6. desember 1953) er ein USA-amerikansk tidlegare høgdehoppar som var verdsrekordhaldar i øvinga 1973-77.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stones vart tredjemann i høgdetevlinga under Sommar-OL 1972 i München, på same høgde som sølvmedaljøren. 11. juli 1973 var Stones tilbake på olympiastadion i München der han sette verdsrekord ved å svinge seg over 2,30 meter. Sommaren 1976 forbetra han rekorden til 2,31 m i Philadelphia den 5. juni, same staden la han på til 2,32 meter den 4. august. Han var stor favoritt til å vinne OL-gull i Montreal, men takla ikkje forholda og måtte sjå seg klart slått av polske Jacek Wszoła, Canadas eigen Greg Joy tok sølv og Stones berga så vidt ein bronsemedalje. Etter å ha vorte nummer 6 i Friidretts-VM 1983, sette Stones landsrekord då han med eit hopp på 2,34 meter vann USA sitt OL-uttak 24. juni 1984. Under OL-finalen nokre veker seinare enda han på fjerdeplass med sine 2,31 m, like høgt som bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]