Dyaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dyaus (vedisk द्यौस् dyaus) er namnet til ein gud i Rigvedaen. Namnet hans kjem frå den same indoeuropéiske rota som 'Zevs', 'Jupiter', 'Tyr', og 'Div'. Forskarar trur at han er utvikla frå Dyeus, den indoeuropéiske hovudguden.

Dyaus i vedaene[endre | endre wikiteksten]

Me veit veldig lite om Dyaus i dag fordi han allereie hadde byrja å bli gløymt då dei rigvediske versa blei dikta. Me trur at han var ein himmelgud slik som Dyeus. Rigvedaen seier at han var gift med jordgudinna Prthvi. Han var far til Indra, som er hovudguden i Rigvedaen.

Eit vers i Rigvedaen seier at Indra drap Dyaus. Me veit ikkje korleis og kvifor det skjedde, men me kan gissa frå verset at han heldt Dyaus sin fot og kasta han ned frå himlane.

Dyaus og svastikaen[endre | endre wikiteksten]

Tyske indologarar trudde at svastikaen var symbolet til Dyaus. Dei sa at svastikaen og den greske triskelionen var ganske like, og sidan triskelionen var symbolet til Zevs hevda dei at svastikaen måtte vera symbolet til Dyaus.

Indiske forskarar er ikkje einige i denne tolkinga. Dei seier at symbola som er knytt til Dyaus i Rigvedaen er ein raud okse og ein svart hest. Svastikaen var berre symbolet til Solguden Surya og Skaparen. Yajurvedaen har òg ein 'svasti mantra' som handlar om Indra, Pushan, Skaparen, og Vernaren, men ikkje om Dyaus.

Nokre rigvediske vers om Dyaus[endre | endre wikiteksten]

Rigveda 1:90:7
मधु नक्तमुतोषसो मधुमत् पार्थिवं रजः |
मधु द्यौरस्तु नः पिता ||

madhu naktamutoṣaso madhumat pārthivaṃ rajaḥ |
madhu dyaurastu naḥ pitā ||
Blid er dagninga, blid er skyminga, blid er stemninga på jorda
La òg Dyaus vår far bli blid med oss

Rigveda 4:17:4
सुवीरस् ते जनिता मन्यत द्यौर् इन्द्रस्य कर्ता स्वपस्तमो भूत् |
य ईं जजान स्वर्यं सुवज्रम् अनपच्युतं सदसो न भूम ||

suvīras te janitā manyata dyaur indrasya kartā svapastamo bhūt |
ya īṃ jajāna svaryaṃ suvajram anapacyutaṃ sadaso na bhūma ||
Ditt opphav Dyaus var ein helt, gjæve var gjerningane til Indra sin skapar
han som avla den mektige eldingsherren, han som er traust som jorda på sine røter

Rigveda 4:18:12
कस् ते मातरं विधवाम् अचक्रच् छयुं कस् त्वाम अजिघांसच् चरन्तम् |
कस् ते देवो अधि मार्डीक आसीद् यत् प्राक्षिणाः पितरम् पादग्र्ह्य ||

kas te mātaraṃ vidhavām acakrac chayuṃ kas tvām ajighāṃsac carantam |
kas te devo adhi mārḍīka āsīd yat prākṣiṇāḥ pitaram pādaghṛhya ||
Kven gjorde mor di til enkje? Kven, daude eller levande, kunne meinka deg?
Kva for ein Gud trøysta deg då du tok din far sin fot og drap han?