Dylan Armstrong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dylan Armstrong

Dylan Armstrong 2.jpg

Statsborgarskap Canada
Fødd 15. januar 1981 (40 år)
Kamloops
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2010

Dylan Armstrong (fødd 15. januar 1981) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå British Columbia som vann sølv i kulestøyt ved VM 2011 og bronse i same øvinga ved VM 2013.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I junioralderen prøvde Armstrong seg i fleire av kastøvingane, best gjorde han det i sleggjekasting. På seniornivå lukkast han betre i kulestøyt. Under Sommar-OL 2008 vart han fjerdemann etter ny personbeste på 21,04 meter, ein einaste centimeter bak Andrej Mikhnevitsj på bronseplassen. I 2010 vann Armstrong kuletevlinga i Samveldeleikane med 21,02 meter. Same året i juni forbetra han sin personbeste til 21,58 m ved eit stemne i Baunatal.

Den 25. juni 2011 støytte Armstrong kula 22,21 meter i Calgary, hans livs lengste støyt. Ved verdsmeisterskapen i Daegu i september nådde han 21,64 meter og tok sølvmedaljen, tyske David Storl vann gullet med 21,78 meter som best. I den neste verdsmeisterskapen, i Moskva i 2013, sikra Armstrong seg ein ny VM-medalje. Nemnde Storl og Ryan Whiting frå USA kom framom han på resultatlista.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

I 2015 gifta Armstrong seg med den russiske kulestøytaren Jevgenija Kolodko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]