Dymkovoleike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei Dymkovo-leike av ei ungjente med samovar.

Dymkovo-leiker, også kjende som Vjatka-leiker og Kirov-leiker (Дымковская игрушка, вятская игрушка, кировская игрушкаrussisk) er måla formfigurar i leire som kan framstilla folk og dyr, og tidvis også vera utforma som leirfløyter. Leikene er ei gammal russisk form for folkekunst som framleis blir utført i landsbyen Dymkovo i nærleiken av Kirov (tidlegare Vjatka). Tradisjonelt blei leikene laga av kvinner.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Leirfløyter i form av ein fugl, hest eller hest og ryttar går langt tilbake. Fram til 1900-talet blei slike leike laga til vårmarknaden svistunja (свистунья), 'plystrar'. Den eldste nedskrivne omtalen av denne hendinga er frå 1811, men ho skal ha eksistert i fleire hundreår, slik at også Dymkovo-leika kan seiast å vera frå minst 1600-talet.

Mot slutten av 1800-talet gjekk sal og produksjon av leikene tilbake til fordel for fabrikklaga gipsfigurar som etterlikna porselen. Under sovjettida blei Dymkovo-arbeidet gjenoppliva. I 1933 blei det skipa ein artel kalla Вятская игрушка (Vyatka-leika), som blei til ein verkstad for det artistiske fondet for RSFSR (russisk Художественный фонд РСФСР). I dag er Dymkovo-leiker ein populær russisk suvenir.

Tillaging og motiv[endre | endre wikiteksten]

Dymkovo-leiker blir laga av ei blanding av lokal leire og elvesand. Delane blir festa med våt leire. Etter at leikene er tørka og brende i omn blir dei kvitkalka med krit blanda ut i mjølk, og deretter måla med tempera (før 1953 brukte kunstnarar anilinmåling blanda med egg) i 4 til 10 fargar eller fleire, og dekorerte med bladgull.

Moderne Dymkovo-leiker kan ha båda gamle og nye motiv. Dei kan skildra figurar frå siste halvdel av 1800-talet, som барыни (barin, 'frue'), няньки (njanki, 'barnepassar'), водоноски (vodonoski, 'vassberar') og andre. I 1930-åra byrja ein òg å framstilla eventyr og samtidige motiv. Ein kunne også laga grupper med fleire figurar, og menneskefigurar som var over 30 cm høge.

Dymkovo-leiker kan vektlegga store og litt groteske former ved hjelp av store kragar og liknande. Den improviserte, fargesterke målinga på leikene kan ha geometriske ornament som rundingar, ruteer og prikkar i ulike storleikar og fargar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]