Dyna fyrstasjon

Koordinatar: 59°53.6884′N 10°41.3081′E / 59.8948067°N 10.6884683°E / 59.8948067; 10.6884683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dyna fyr)
Dyna fyrstasjon

FylkeOslo
KommuneOslo
Oppretta1874
Koordinatar59°53.6884′N 10°41.3081′E / 59.8948067°N 10.6884683°E / 59.8948067; 10.6884683
Fyrtårn
Høgd12,4
FormLykthus
Fyrlys
LyskarakterOkkultert blink kvart 8. sekund
Lyshøgd5,6 moh.
Lysvidde2,6 nm
Status
EigarOslo Froskemannskole
Automatisert1956
Avfolka1956
Kart
Dyna fyrstasjon
59°53′42″N 10°41′18″E / 59.894875°N 10.68841944°E / 59.894875; 10.68841944

Dyna fyrstasjon er eit kjent landemerke i hamnemiljøet i Oslo og husar i dag ein restaurant. Fyret ligg mellom Bygdøy og Nakkholmen i Indre Oslofjord.

Dyna fyrstasjon is located in Oslo
Plasseringa til Dyna fyrstasjon
Dyna fyr
Foto: m. pinkle

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skjeret vart overdratt frå Staten Christiania Havnevæsen med formålet om å bygge eit fyrtårn i 1873. Fyrbygningen vart oppført i 1874. Den første tida var fyret utstyrt med eit fast kvitt lys og ei tåkeklokke. I 1928 vart fyrlyset elektrisk og klokka vart erstatta med ein nautofon. Heile fyret vart automatisert i 1956 og samstundes vart fyrvokterstillinga inndratt. Seinare vart huset overlate til Oslo Froskemannskole og dei fekk i oppdrag å vedlikehalde bygningsmassen. Sidan 1992 har fyret vore nytta til selskapslokale og restaurantdrift.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]