Dynamisk tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dynamisk tid er ein familie tidsskalaer som vart innført i 1984 for å erstatte efemeridetid som uavhengig variabel i dynamiske teoriar og i efemeridar. Desse tidsskalaene er, som efemeridetid, uavhengige av jordrotasjonen. Terrestrisk dynamisk tid er ikkje avhengig av noko teori, og blir nytta til utrekning av apparente geosentriske efemerider. For praktiske føremål er terrestrisk dynamisk tid minus internasjonal atomtid lik efemeridetid minus internasjonal atomtid. Ved innføringa i 1984 var denne lik 32,184 sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]