Dynamo Kiev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klubbmerket til Dynamo Kiev

Dynamo Kiev (ukrainsk:Динамо Київ) er ein fotballklubb i Kiev i Ukraina, grunnlagd i 1927. Klubben vann Cupvinnarcupen i 1975 og 1986. Til liks med alle andre Dynamo-klubbar i den tidlegare Sovjetunionen høyrde klubben til etterretningstenesta KGB.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dynamo Kiev er ein av storklubbane i Aust-Europa. Frå 1954 til 1990 vann klubben ni sovjetiske cupmeisterskap og i tida 1961-90 tretten seriemeisterskap i Sovjetunionen.

Klubben hausta sin fyrste store triumf i Basel 18. mai 1975. Under finalen i Cupvinnarcupen imponerte den då sovjetiske klubben med feiande fin angrepsfotball. To mål av Volodymyr Onysjtsjenko i fyrste omgang og eit tredje i andre av legendariske Oleh Blokhin syrgde for 3-0 over Ferencváros frå Budapest. Med folk som Blokhin og Onysjtsjenko, samt Anatolij Konkov, Volodymyr Muntjan, Leonid Burjak og målvakta Jevgenij Rudakov utgjorde desse spelarane stammen i Sovjetunionen sitt landslag i fleire sesongar.

Elleve år etter den fyrste sigeren i Cupvinnarcupen kopierte eit nesten nytt Dynamo-mannskap 1975-triumfen med å vinne 3-0 over Atletico Madrid i Cupvinnarcupen 1986. Blokhin var den einaste att frå 1975 som kunne rusle ut på grasmatta i franske Lyon.

Frå og med 1993 har Dynamo Kiev dominert ukrainsk klubbfotball og sikra seg 14 seriemeistertitlar og 10 cupgull pr 2015. I 2009 spelte laget seg heilt fram til semifinalane i Meisterligaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]