Dyneflangre
| Dyneflangre | |||
|
Status i verda: | |||
| Systematikk | |||
| Rike: | Planteriket | ||
| Klasse: | Einfrøblada | ||
| Orden: | Aspargesordenen | ||
| Familie: | Orkidéfamilien | ||
| Slekt: | Epipactis | ||
| Art: | E. helleborine | ||
| Vitskapleg namn | |||
| Epipactis helleborine ssp. neerlandica
(Verm.) Buttler | |||
| Økologi | |||
| Habitat: | sanddyne | ||
| Utbreiing: | Eurasia | ||
Dyneflangre (Epipactis helleborine asp. neerlandica) eller jærflangre er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Dyneflangre, tidlegare kalla jærflangre, er ein underart av breiflangre, med eit noko tettare aks enn nominatunderarten skogbreiflangre (ssp. helleborine) og med blada litt tettare inntil stengelen.[1]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Dyneflangre er knytta til sanddynelandskap, og finst berre i landa rundt Nordsjøen. I Noreg finn vi han i dynetrauga bak strendene på Jæren.[2] I raudlistevurderiga 2021 er underarten klassifisert som sterkt truga (EN).[3]
Arten finst òg i Danmark. I den danske Naturbasen er det oppgitt to varietetar:
- E. helleborine ssp. neerlandica var. neerlandica (status LC, dansk namn hollandsk hullæbe)[4]
- E. helleborine ssp. neerlandica var. renzii (NT, dansk namn skagen-hullæbe)[5]
På dei britiske øyane er nokre funn av dyneflangre rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og er ført opp i den britiske raudlista med datamangel (DD).[6][7]
I Benelux er underarten (nederlandsk namn duinwespenorchis, fransk namn épipactis de Hollande) å finne i sanddyner langs kysten i Nederland. I Flandern i Belgia er han sjeldan, og han finst ikkje i Vallonia.[8] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd).[9] I Belgia er han ikkje raudlistevurdert separat, og i Luxembourg finst han ikkje. I Tyskland (tysk namn Holländische Breitblättrige Ständelwurz) er han svært sjelden (extrem selten).[10]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Artsdatabanken: Artsopplysningar dyneflangre». Artsdatabanken. Henta 2022-03-04.
- ↑ «Artskart: Dyneflangre, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 2022-03-04.
- ↑ «Raudlista: Jærflangre». Artsdatabanken. 2021-11-24. Henta 2022-03-04.
- ↑ «Naturbasen: Hollandsk Hullæbe Epipactis helleborine ssp. neerlandica var. neerlandica». Naturbasen. Henta 2022-03-07.
- ↑ «Naturbasen: Skagen-Hullæbe Epipactis helleborine ssp. neerlandica var. renzii». Naturbasen. Henta 2022-03-07.
- ↑ Leslie Lewis mfl. (2009). «An update on the orchid flora at Kenfig National Nature Reserve» (PDF). BSBI News. 110 (January): 7–11.
- ↑ «A New Vascular Plant Red List for Great Britain» (XSLX). Botanical Society of Britain & Ireland. 2025. Henta 15. juli 2026.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis helleborine subsp. neerlandica». FLORON. Henta 2024-01-19.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 2024-01-15.
- ↑ «Die Roten Listen: Farn- und Blütenpflanzen (Tracheophyta)». Bundesamt für Naturschutz. Henta 2026-07-22.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) dyneflangre hos Artsdatabanken
- (en) dyneflangre i Catalogue of Life
- (en) dyneflangre i Global Biodiversity Information Facility
- (en) dyneflangre hos Plants of the World Online
- (en) dyneflangre hos The International Plant Names Index
- (en) dyneflangre hos Tropicos