Dynnasteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dynnasteinen

Dynnasteinen er ein bautastein med bilete og runeinnskrift, tidfesta til 1040-1050 e.Kr., som stod på ein gravhaug på garden Nordre Dynna i Gran kommuneHadeland i Oppland fylke. Steinen vart i 1879 frakta til Universitetets Oldsaksamling i Oslo, no Kulturhistorisk museum, der han står utstilt. Ein kopi av steinen står på folkemuseet på Hadeland.

Steinen er som ei tjukk og jamn helle forma som ein 2,82 meter høg, smal trekant; breidda er 0,54 meter nedst og 0,16 meter rett under toppen.[1] Det øvste, litle partiet av biletsida luter seg framover, toppen er noko skada. Biletflata er glatta og jamn, baksida er ujamn. Etter ei gransking av steinsorten, som er ein raudbrun sandstein, konkluderte geologen V. M. Goldschmidt med at steinen truleg kom frå Ulvøya i Steinsfjorden (ein arm av Tyrifjorden) på Ringerike, til liks med nokre andre rune- og biletsteinar, og har soleis vore frakta lange og tunge vegar i si tid.[2] Årsaka til at steinen vart henta langvegsfrå, må vere at denne sorten stein har vore vel egna på alle vis, den raudbrune fargen medrekna.

Teksten og biletet på Dynnasteinen[endre | endre wikiteksten]

På heile den høgre, planslipte smalsida, har steinen ei runeinnskrift som går nedanfrå og opp til knekken der steinen luter framover. Ifylgje ei tolking av Magnus Olsen står det skrive: «Gunnvor gjorde en bro, Tydriks datter, efter Astrid, sin datter. Hun var den hendigste mø på Hadeland.»[3] Dette er ein kristen tekst, ettersom brubygging var ærefulle, kristne gjerningar i mellomalderen, slik det mellom anna går fram av dei mange runeinnskriftene i Sverige som seier at bygging av bruer er gjort til frelse for sjela til ein avliden, eller til glede for Gud. Til dømes gjeld dette òg den vidgjetne Ramsundbergristinga i Södermanland i Sverige, der det i talande bilete er framstilt den episoden i soga om Volsungane som skildrar korleis Sigurd drep ormen Fåvne og deretter fosterfaren sin, smeden Regin. Runeinnskrifta på denne ristinga gjer det utvilsamt at det har vore bygt ei bru til frelse for sjela til ein avliden her, og ristinga er dessutan plassert ved ein stad der det trengst ei bru.

Scener frå segnsyklusen om Volsungane, som gjeld hendingar i heidne samfunn, har vore nytta i stor mon i mellomalderen for å fram kristne bodskap på ein måte som folk skjøna. Soleis er det på portalvangar frå den nedrivne Hylestad stavkyrkje i Setesdal ei framstilling av Sigurds drap av Fåvne og Regin som ligg nær den truleg eldre framstillinga på Ramsundsberget i Sverige. Sjølv om segna om Volsungane ikkje har noko med motivet på Dynnasteinen å gjere, vil den omfattande bruken av slike heidne element i kristne bodskap ha noko å seie for dei premissane som kan leggjast til grunn for tolkinga av biletet på Dynnasteinen.

Biletet på Dynnasteinen er dominert av ei framstilling i profil av tre menn med kvar sin hest, plassert over kvarandre. Av konturlinjene på bileta går det klårt fram at mennene går attmed hestane sine, ikkje rir på dei, og det ser heller ikkje ut til at dei styrar eller leiar dei. Mellom den øvste og den mellomste av hestane står det ein liten, hestelaus mann vend mot runeinnskrifta.

Over den øvste av desse fire karane med dei tre hestane er det framstilt frontalt ein mann med glorie kring hovudet. Han kan ikkje vere nokon annan enn Jesus, hovudpersonen som merksemda skal rettast mot, slik det går fram av at han er den einaste i heile biletet som er framstilt frontalt. Over han heng nokre rankeliknande flikar ned frå toppen av steinen, og under det høgre beinet hans er det teikna ei stjerneliknande figur med fire taggar.

Under den nedste av dei tre hestane er det ein slags åker med laukliknande vekstar over ei markert grense som truleg er jordoverflata. Under dette er det teikna i profil ein husliknande konstruksjon som er plassert vertikalt, der tre personar er i ferd med å gjennomføre eit ritual framfor noko som kan sjå ut som eit alter. Utanfor står eller ligg det ein hest; han er òg framstilt vertikalt.

Dei tre karane med kvar sin hest minner om dei tre kongane eller vismennene frå austerlanda som tolka meininga med jolestjerna og gav seg i veg til stallen der Jesus vart fødd. Difor har bileta på steinen meir eller mindre automatisk vore tolka som ei skildring av desse tre vismennene på veg til Jesusbarnet for å tilbe han, og at seremonien som går føre seg i det vertikale huset nedst på steinen er sjølve tilbedinga.[4] Men det er mykje i biletet som ikkje stemmer med denne tolkinga, mellom anna at det er for få vismenn i huset, og at Jesusbarnet er ikkje til å få auge på som anna enn ein vaksen, ståande person. Dessutan er det underleg at ei så viktig scene som tilbedinga er plassert vertikalt heilt nede på steinen, sjølv om den vertikale plasseringa i og for seg harmonerer med retninga på runeinnskrifta på smalsida av steinen.

Ei alternativ tolking kan vere at det er prosessen som kristna hovding- eller storbondeætta på Dynna som er synt, og som den avlidne «hendigste mø på Hadeland» høyrde til:[5] Hestane tek del i eit vanleg heident ritual som skulle avdekke guddomanes vilje. Jesus er avbilda på steinen som ein himmelsk gud som kan sjå ut til å ha teke kontrollen over hestane, som er dei dyra som brakte guddomanes vilje fram for menneska ved den måten dei trava og vrinska på, om lag slik romaren Tacitus gjer greie for i boka Germania.[6] Med slike heidne middel manifesterte den kristne sanninga seg for den opphavleg heidne hovdingen og det heidne folket i distriktet, og overtydde dei om at Kvite-Krist/Jesus var den sterkaste og rette guden. Det nedste, vertikale partiet med huset og hesten kan representere dei heidne ledda i den kristna hovdingætta på Dynna, altså dei forfedrane og formødrene som vart gravlagt som heidne i si tid, og difor har vorte mottekne i Hels underjordiske rike på det viset som ritualet i dette underjordiske huset syner. I den tidlege kristne tida hefta det ikkje slik djevelskap ved dette underjordiske riket som seinare i mellomalderen.

Dynnasteinen i stilmessig samanheng[endre | endre wikiteksten]

Teikningar av dei to sidene av ei metallfane frå Heggen mellomalderkyrkje i Buskerud med motiv i ringeriksstil.

Dynnasteinen vert rubrisert under den stilgruppa som har fått namnet «ringeriksstil». Men med omsyn til geografisk opphav, omfang og stadane for viktige funn av materiale i denne stilen, har nemninga ikkje noko med Ringerike å gjere. Namnet er slik sett vilkårleg valt, og kjem berre av at fleire av dei norske steinane med bilete og ornamentikk i denne stilen er av ringerikssandstein, slik som til dømes Dynnasteinen og ein biletstein frå Alstad, Toten i Oppland. Likevel kan dei fleste stilelementa best definerast ut frå ein bilet- og runestein, Vangsteinen, som står ved tuftene etter den tidlegare Vang stavkyrkje i Valdres og er av lokal skifer.[7]

Nemninga «ringeriksstil», som har vorte ei rett vanleg internasjonal nemning på denne stilgruppa, er ikkje berre knytt til steinkunst, men òg til bilete og ornamentikk på metall og tre, i manuskript etc. frå fleire land, og vert til liks med stilgrupper flest, diskutert med omsyn til opphav, utvikling og avgrensing.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olsen 1941, side 196
  2. Olsen 1941, side 157
  3. Olsen 1941, side 198
  4. Bjørn Haugen i Olsen 1941, side 162 og Fuglesang 1981, side 95 og med visning til biletet av Dynnasteinen, figur 2.46, for å nemne to av ei rad døme på at denne tolkinga vert sett på som den rette.
  5. Hoftun 2008, side 296–309
  6. Germania, kapittel 10
  7. Fuglesang 1981, sidene 90-92
  8. Fuglesang 1981, sidene 90-97, og Karlsson 1983, sidene 136-139

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Olsen, Magnus. 1941. Norges innskrifter med de yngre runer : Første bind : I. Østfold fylke II. Akershus fylke og Oslo III. Hedmark fylke IV. Opland fylke. Oslo: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt/Kjeldeskriftfondet.
  • Fuglesang, Signe Horn. 1981. Vikingtidens kunst, i Berg, Knut m.fl. (red.) Norges kunsthistorie 1 : Fra Oseberg til Borgund. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Side 36 – 138. ISBN 82-05-12265-2
  • Hoftun, Oddgeir. 2008. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder. Oslo: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Karlsson, Lennart. 1983. Nordisk form : om djurornamentik. Stockholm: Statens Historiska Museum. ISBN 91-7192-572-4
  • Tacitus, Agricola og Germania i omsetjing ved Trygve Width, Oslo 1968: Torleif Dahls Kulturbibliotek/H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard).