Dyregrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyregrov
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Postnummer 5960 DALSØYRA[1]
Kart
Dyregrov
60°57′44″N 5°11′34″E / 60.962222222222°N 5.1927777777778°E / 60.962222222222; 5.1927777777778

Dyregrov, også skrive Dyregrova, er ein gard i Gulen kommune i Vestland. Dyregrov har matrikkelnummer 38 i Gulen.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Garden ligg ca. halvannan kilometer vestom Oppdalsøyra, på sørsida av Austgulfjorden.[3] Fv3 går rett nedom gardstunet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Lever af Qvægets Afling og lidt Brændeved at selge.»

Opplysningar samla inn til matrikkel i 1723
Ivar Kleiva: Gulen i gammal og ny tid . Gards- og ættesoge. Bind I s. 629

Etter matrikkelen i 1667 var skylda til garden eit pund smør og dei hadde seks naut. Utsåd var 1½ mæle korn og avling var ei tønne og ei mæle. I matrikkelen frå 1723 står det at matrikkelskylda var eit pund og at dei hadde fem kyr, to ungnaut og seks sauer. Utsåd var ei tønne havre og avlinga var tre tønner. Det var då ein brukar på garden.[3][4]

Bruk nr. 2 vart busett kring 1819. Bruket heiter Sanddalsnes og er ei øyr ved munningen til Sanddalselva.[5]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av gammalnorsk «Dyragrof», som tyder fangstgrav.[6]

I 1620 vart namnet skrive «Diuregroff», i 1667 «Dyregraf» og i 1723 «Dyregrov».[3]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Dyregrov» i 1974 og «Dyregrova» i 1985.[7]

Namnet er no ikkje brukt som gardsnamn andre stader i Noreg, men Oluf Rygh nemner at det tidlegare har vore gardar med namnet i Sandsvær og i Nesset i Romsdal.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 13. november 2010. 
  2. «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 12. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 38. Dyregrov». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 629. 
  4. Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5.  [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
  5. Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 38. Dyregrov». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 634. 
  6. 6,0 6,1 «Oluf Rygh: «Dyregrov» i Norske Gaardsnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane fylkesarkiv». Henta 13. november 2010. 
  7. ««Dyregrova i Gulen» på nettstaden yr.no». Henta 13. november 2010. 

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Kleiva: «Gnr. 38. Dyregrov» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band l, side 629-635.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]