Dyreplankton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hoppekreps (Copepoda) er mellom dei vanlegaste dyra i dyreplanktonsegmentet.

Dyreplankton er dei heterotrofe eller detrivore delane av planktonet. Dei fleste av dei er protistar, men det er òg mange dyr som lever planktonisk heile eller delar av livet. Bortsett frå nokre få unnatak (t.d. manetar og krill) er dei som regel for små til å sjå med det blotte auga.

Mellom dei meir økologisk viktige protistane i dyreplankton-segmentet kan me nemna foraminiferar, radioloarianar og dinoflagellatar. Døme på viktige fleircella dyr som lever planktonisk er m.a. manetar, hoppekreps, kril, salpar, fiskelarvar og pteropodar. Dette breie fylogenetiske spekteret er tilsvarandre mangfaldig i fødeinntak; nokre er passive filtrerarar, andre er aktive predatorar og atter andre lever mutualistisk med autotrofe planteplankton. Dyreplankton et bakterieplankton, planteplankton, andre dyreplankton (gjerne kannibalistisk), detritus og stundom tilmed symjande organismar.