Dysmenoré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dysmenoré

Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:625.3
ICD-10-kode:N94.4-N94.6
DiseasesDB10634
MedlinePlus003150
MeSHD004412
MeSHD004412

Dysmenoré eller dysmenore er den medisinske termen for bekkensmerte i samband med menstruasjon, populær kalla mensmerte. Dysmenorré kan opptre saman med premenstruelt syndrom (PMS).

Dysmenoré blir delt inn i primær type (vanleg menssmerte) og sekundær type (som opptrer på grunn av sjukdom).

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Dysmenoré byrjar vanlegvis i samband med første menstruasjon (menarke) om det er av primær type. Smerteutbrotet byrjar nokre dagar før menstruasjonen eller i samband med at han byrjar.[1] Det kan pågå i litt over 72 timar, men kan også vera meir kortvarig. Smerta er lokalisert til bekkenregionen og kan stråla ned mot beina og ut mot ryggen. Smerta ved primær type minnar om den ved fødsel og kan vera krampearta eller malande.[2] Dysmenorré, som ikkje kjem av ein underliggande sjukdom kan opptre saman med andre symptom, som kvalme, veikskapskjensle, diaré med meir.[3]

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Annakvar kvinne lir av menssmerte i ei viss grad. Det er vanlegast før 30 års alder, blant røykarar og blant personar som ikkje har fødd barn. Hos unge kvinner finst studiar som viser at over 90 prosent lir av dysmenoré. Ei stor årsak er endometriose, ein sjukdom som rammar 10 prosent av alle kvinner.[4][5]

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Mensmerte kjem av samantrekkingar i livmora, stimulert av eit prostaglandin (F2α (PGF2α)) dei første dagane i menstruasjonen eller dei påfølgjande dagane. Rolla til prostaglandin i samband med tilstanden er veldokumentert, og nivåa av F2α samsvarar med intensiteten til smerta, utbrot og varaighet. Hormonet vasopressin kan også vera involvert.[6] Det finst fleire ulike slag prostaglandin. Det som forårsakar dysmenoré blir danna i livmorslimhinna i samband med menstruasjonen, og når livmorslimhinna blir utsondra frå kroppen blir mengda prostaglandin raskt redusert og smerta forsvinn.[7]

Resultatet av samantrekkingane er ei form for stølheit i livmormuskulaturen: samantrekkingane blir så kraftige at det oppstår oksygenmangel (iskemi).[3]

Om menssmerta stammar frå ei form av sjukdom eller anatomisk avvik blir ho kalla sekundær dysmenoré. Sekundær dysmenorré kan til dømes førekoma på grunn av endometriose, myom, ovarialtorsjon (eggstokkvriding), eller på inflammasjon i dei indre kjønnsorgana, til dømes kjønnssjukdom eller eggleiarinflammasjon.

Risikofaktorar[endre | endre wikiteksten]

Risikoen for primær type aukar av å ha hatt tidleg pubertet (menarke før 12 års alder), ikkje å ha fødd barn, å vera røykar, å ha kraftige menstruasjonar, av overvekt og av å ha nære slektningar med dysmenoré.[8] Om livmorhalsen er tett, livmora feilplassert eller det finst andre anatomiske særeigenheiter aukar risikoen å bli ramma.[3] Ettersom smerta handlar om at livmorslimhinna skal støytast ut, aukar òg risikoen av å vera stillesittande og at ikkje få tilstrekkeleg mosjon før utbrotet.

Førebyggande tiltak[endre | endre wikiteksten]

Mange kan lindra mensmerkert med reseptfrie smertestillande medisinar eller gjennom å leggja noko varmt på magen eller mot ryggen. Å ta ein tur eller trena før mensen tek til kan hjelpa ein del kvinner til å førebygga smerte. Det finst derimot ikkje forsking som tyder på at trening under sjølve menstruasjonen skal kunna påverka smerta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://my.clevelandclinic.org/health/diseases_conditions/hic_Dysmenorrhea
  2. «Dysmenorrhea: Practice Essentials, Background, Pathophysiology». 21. januar 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Dysmenorrhea - Gynecology and Obstetrics», Merck Manuals Professional Edition (på engelsk), henta 18. juni 2020 
  4. «Endometrios - 1177 Vårdguiden», www.1177.se, henta 18. juni 2020 
  5. «Dysmenorrhea: Practice Essentials, Background, Pathophysiology». 21. januar 2020. 
  6. «Dysmenorrhea: Practice Essentials, Background, Pathophysiology». 21. januar 2020. 
  7. «Page Not Found», www.acog.org (på engelsk), henta 18. juni 2020 
  8. «Dysmenorrhea: Practice Essentials, Background, Pathophysiology». 21. januar 2020.