Dysuri
Utsjånad
| Dysuri | |||
| Medisinsk namn | Dysuria | ||
|---|---|---|---|
| Klassifikasjonar og ressursar | |||
| ICD-9-kode: | 788.1 | ||
| ICD-10-kode: | R30..0 | ||
| DiseasesDB | 18003 | ||
| MeSH | D053159 | ||
| MeSH | D053159 | ||
Dysuri (frå gresk dys-, ‘dårleg’, og ouron, ‘urin’) er ein medisinsk tilstand som inneber sviee, ubehag eller smerte i samband med urinering. Dette er som oftast eit symptom på urinvegsinfeksjon eller nyrebekkenbetennelse.[1] Psykogen dysuri kan til dømes førekoma ved somatoform autonom dysfunksjon.
Dysuri er eit typisk symptom ved infeksjon i urinblære eller urinrøyr. Kvinner kan også oppleva smerte ved vasslating i samband med infeksjonar i underlivet. Menn kan oppleva smerte i samband med betennelse i prostata, prostatitt. Andre blæretilstandar og stein i nedre del av urinleiaren kan også medføra dysuri.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Svensk MeSH», mesh.kib.ki.se, henta 18. juni 2020
- ↑ Tveter, Kjell (20. april 2018). «dysuri». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål).
- Denne artikkelen bygger på «Dysuri» frå Wikipedia på svensk, den 18. juni 2020.