Dzjarylgatsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 46° N 33° E
Dzjarylgatsj
øy
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Kherson oblast
Koordinatar 46° N 33° E
Lengd 42 km
Areal 56 km²
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dzharylhach

Dzjarylgatsj er ei øy i Kherson oblast nær Krimhalvøya i Ukraina.

Øya har eit areal på 56 kvadratkilometer og er 42 km lang. Ho er dermed den største øya i Svartehavet og ligg i Karkinitbukta. Øya har reine sandstrender og mineralkjelder. Midt på øya er det ei ferskvasskjelde og meir enn fire hundre små saltsjøar ligg spreidd på øya. Det unike plante- og dyrelivet på Dzjarylgatsj er godt bevart. Her finst villsvin, hjort, muflon, samt mange artar måsar og skarv som jaktar krabbar, sniglar og reker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]