Dzmitry Us

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dzmitry Us
Fødd 10. juni 1971
Minsk
Yrke entreprenør, politikar

Dzmitry Ivanavitsj Us, kviterussisk Дзьмітры Іванавіч Ус, russisk Dmitrij Ivanovitsj Uss (fødd 10. juni 1971 i Minsk) er ein kviterussisk jurist og politikar. Han var uavhengig kandidat ved presidentvalet i Kviterussland 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på tiande og siste plass med 0,5 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Us vart arrestert etter demonstrasjonar mot måten valet vart arrangert på same kvelden, men vart slept fri dagen etter.[1] Han vart likevel tiltalt for å ha "forårsaka masseuro".[2] I mai 2011 vart han dømd til fem og eit halvt års fengsel for rolla si i demonstrasjonane.[3] Han vart benåda og lauslaten i oktober 2011.[4]

Us er gift og har éin son.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Наши арестанты в Минске" frå Gazeta.ru, 21. desember 2010, på russisk
  2. "Кандидат в президенты отсидит как президент" frå Gazeta.ru på russisk
  3. http://news.tut.by/politics/228414.html
  4. http://nn.by/index.php?c=ar&i=61069