Dzongkhag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dzongkhag er den administrative eininga på øvste nivå i Bhutan,[1][2] tilsvarande fylke i Noreg.

Bhutan består av 20 dzongkhagar, som igjen er vidare delt inn i gewogar. Ein dzongkhag er administrert av ein dzongda («fylkesmann»), som er ein statleg embetsmann. Nokre av fylka har òg ein penlop, som har ein halvt aristokratisk, lokal maktbase.

Etter innføringa av Local Government Act i 2009[3] har landet fem ulike undernasjonale administrative område:

  1. Dzongkhag - i alt 20
  2. Dungkhag – undernivå som finst i 9 av dei 20 dzongkhagane – i alt 16
  3. Gewog – i alt 205
  4. Chiwog, valkrinsar av ei gruppe landsbyer, 5-6 i kvar gewog – i alt 1044
  5. Thromde, delar av landet er delt inn i thromdear i tillegg til, eller i staden for gewogar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dzongkhags; bhutan.gov.bt
  2. Districts of Bhutan; statoids.com
  3. Local Government Act of Bhutan; National Assembly of Bhutan