Døving kapell

Koordinatar: 62°18′52″N 7°18′23″E / 62.31444°N 7.30639°E / 62.31444; 7.30639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°18′52″N 7°18′23″E / 62.31444°N 7.30639°E / 62.31444; 7.30639

Døving kapell
Kart
Døving kapell
62°18′52″N 7°18′23″E / 62.31444444°N 7.30638889°E / 62.31444444; 7.30638889

Døving kapell var ei kyrkje på garden Døving i Valldal på Sunnmøre. Det var minst to kyrkjebygg på staden, det siste stod til 1812. Det eldste kyrkjebygget på staden er ikkje tidfesta, mest sannsynleg var det ei stavkyrkje oppsett i mellomalderen før 1450.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1600-talet vart den dåverande kyrkja i bygdesenteret på Sylte reven og flytta til Dale på andre sida av fjorden. I lang tid var difor Døving kapell den einaste kyrkja i Valldal, trass i at Valldal er den største bygda i Norddal. Valldalingane og dei øvste gardane i Fjørå (Selboskarbygda) sokna til kapellet, og frå Fjørå måtte dei gå ein bratt sti over fjellet til Døving.

I 1812 vart bygget teke nede og sett opp at på strandstaden og bygdesenteret Sylte.[1] I følgje bygdeboka frakta bøndene material og inventar til Sylte med hest i løpet av ein vårdag i 1812, allereie søndag etter pinse i 1812 vart det halde gudsteneste på Sylte.[2] På utskiftingskartet frå 1876 er kyrkjegarden med steingjerde rundt innteikna. I 2007 vart det sett opp ein minnestein om lag der kapellet stod. Det eldgamle altarbordet av stein vart nytta som trappehelle i den nye kyrkja på Sylte. Denne steinhella med innhogd gøymsle for oblatar eller relikvie står no oppstilt i Sylte kyrkje. Hans Strøm skildra dette alterbordet slik: «et ældgammelt Alter Bord, bestaaende af en heel Steen, hvori sees et firkantet Hul med Steen-Laag over».[3] Minnesteinen og altarbordet er no dei einaste spora etter det gamle kapellet på Døving.

Hans Strøm skreiv i 1766 om «...et lidet capel, kaldet Døvings-Capel, bestandig har staaet fra de Catholske Tider, og hidindtil nogle faa Gange om Aaret været forsynet med Prædiken og Guds Tieneste, til Bekvemmelighed for Voldalens Beboere, og især for de gamle og skrøbelige, som ikke uden altfor stor Vanskelighed kan besøge den rette Sogne-Kirke.»[4]

Fram til ein gong tidleg på 1600-talet var det altså to kyrkjer i Valldal, ei på Sylte og eit kapell på Døving berre 4 km frå hovedkyrkja på Sylte.[5] Det er uklart kvifor det var to kyrkjer i nedre del av den lange Valldalen. Ei hypotese er at Døving kapell i katolsk tid vart sett opp som eit privat kapell.[6] Leonhard Tafjord skriv at garden Døving høyrde til presten Iver Eriksen i Norddal (1590-1620), samstundes åtte Eriksen Nedre Lande i Ørskog. Tafjord nemner då at Døving kan ha vore ein stormannsgard med ei «hogjendes kyrkja» (høgendeskyrkje, av «høgjende» eller «høyende» = sitjepute eller hovudpute), altså privat kapell for høvdingen eller storkaren der.[7][8]

«Dyffuings cappell» er nemnt i Trondhjems reformats 1589 og der heiter det at kapellet ligg 3 «wegsøe» og ei halv mil til lands aust for (den dåverande) hovudkyrkja i Ørskog.[9] Der står også at Døving kapell ligg ½ mil frå «Dall» kyrkje som var namnet på den dåverande kyrkja på Sylte. Om lag 10 bønder eller gardsbruk svara tiende og andre avgifter til kapellet. I Døving kapell skulle det vere gudsteneste fire gongar i året i staden for på Sylte. Det første kapellet på Døving kan ha vore ei stavkyrkje. Bygdeboka[10] nemner at det var stagnasjon i kyrkjebygging etter svartedauden og at det etter 1450 neppe vart reist nye stavkyrkjer i Noreg, og trur derfor at det kapellet på Døving var ei lita stavkyrkje. Stiftskrivar Henrich Garman synfor i 1686 alle kyrkjene på Sunnmøre og noterte då at Døvingens Capel var eit stavbygg: 18 alen langt og 10 alen breidt, koret var 10 gonger 10 alen, og våpenhuset 5 alen, utan tårn.[11]

Det bygget som vart flytta til Sylte var i tømmer og frå omkring 1754 då løyve til nybygg vart gitt (kongeleg «reskript» er datert 18.oktober 1754).[12] Då Hans Strøm vitja staden var den eldre, falleferdige «lille Kirke» borte og ei nytt bygg i tømmer var oppført på same staden.[13] Dette tømmerbygget var nesten 7 meter breidt og 17 meter langt, i tillegg var det eit våpenhus eller inngangsparti på 3x3 meter.[14] Dette våpenhuset skulle vere så lågt at karane i godver la frå seg luene på taket før dei steig inn. Verken den gamle stavkyrkja eller tømmerbygget frå 1754 hadde tårn eller klokkestopul, berre ei lita klokke til å halde i handa.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hoel, Peder (1963): 'Sylte kyrkje 1863-1963'. Norddal Sokneråd.
  2. Grunn og gror. Kultursoge band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.21.
  3. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.270.
  4. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.269-270.
  5. Grunn og gror. Kultursoge (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976.
  6. Hoel, Peder (1963): 'Sylte kyrkje 1863-1963'. Norddal Sokneråd.
  7. Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd.
  8. Aasen, Ivar (1850): Ordbog over det norske Folkesprog. Kristiania: Carl C. Werner Comp.
  9. Anne-Marit Hamre (red.): Trondhjems Reformats 1589 og Oslo domkapitels jordebok 1595, Norske kyrkjelege jordebøker etter reformasjonen, Bd. II., Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt, 1983, s.64.
  10. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.15.
  11. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes
  12. Grunn og gror. Kultursoge band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.20.
  13. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.270.
  14. Hoel, Peder (1963): 'Sylte kyrkje 1863-1963'. Norddal Sokneråd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]