E.E. Evans-Pritchard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edward Evan Evans-Pritchard (21. september 190211. september 1973) var ein britisk sosialantropolog, professor ved universitetet i Oxford 1946-70. Evans-Pritchard var i det 20. hundreåret mellom dei antropologane som hadde størst innverknad på faget sitt. Denne kom særleg frå hans evne til å kombinere fyrsteklasses etnografiske feltarbeid med avanserte teoretiske resonnement, samt i å uttrykke desse i eit udogmatisk og lettilgjengeleg språk, som på same tid vitnar om både "common sense" og eit humanistisk grunnsyn. Han var fødd i Sussex og døydde i Oxford.

Den strukturfunksjonalistiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Boka Witchcraft, Oracles and Magic among the Azande frå 1937 er framleis ei av dei grunnleggande undersøkingane av afrikansk heksejakt. Ho er samstundes ei kritisk gransking, på grunnlag av empirisk material, av Lucien Lévy-Bruhl sin teori om primitiv mentalitet. Med boka The Nuer i 1940 la Evans-Pritchard grunnlaget til mykje av det moderne antropologiske studiet av politiske system i acefale samfunn gjennom utgreiinga av nuerane sine såkalla segmentere slektslinje-system, og med Nuer Religion i 1956 leverte han eit viktig bidrag til studiet av religionen i afrikanske stammesamfunn, spesielt om ofringa si rolle. På 1930-talet og byrjinga av 1940-talet vart Evans-Pritchard, saman med A.R. Radcliffe-Brown og Meyer Fortes, knytt til den strukturfunksjonalistiske retninga; boka African Political Systems (utgjeven 1940 saman med Fortes) vert rekna som ein milepåle i denne tradisjonen.

Segmentere opposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Segmentær opposisjon er ein antropologisk term for dei prinsippa som styrer konfliktar i samfunn med sosiale einingar beståande av unilineære slektskapsgrupper. Partane sine posisjonar i det hierarkiske slektskapssystemet avgjer kva for alliansar som kan inngåast. Konfliktar på lågt nivå kan det byggast bru over, dersom det skulle oppstå ein konflikt på eit høgare nivå. Evans-Pritchard gjer greie for systemet i The Nuer.

Kritikarar har framheva at det her er snakk om eit innebygd ideal, som ikkje alltid samsvarar med røyndomen.

Den humanistiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Under 2. verdskrigen gjorde Evans-Pritchard teneste som offiser i Sudan og Nord-Afrika. Hans omgang med beduinane i Cyrenaika gav han material til ein historisk-antropologisk studie, The Sanusi of Cyrenaika (1949). Etter krigen la han meir og meir av seg den strukturfunksjonalistiske innstillinga; i artikkelsamlinga Social Anthropology frå 1951 tok han til orde for ein antropologi som studerer samfunn som moralske eller symbolske, snarare enn som naturlege system, og som søker mønster meir enn lover og som tolkar meir enn forklarar. Hans stendige funderingar kring antropologien sine epistemologiske spørsmål (som hadde samband med hans personlege, eksistensielle synsmåtar; han konverterte til katolisismen i 1944) leia også til ei interesse for religionars teorihistorie, noko som kom til uttrykk i Theories of Primitive Religion frå 1965 og den postumt utgjevne A History of Anthropological Thought (1981). I desse verka gjev han mykje plass til fransk samfunnsfilosofisk tenking. På Evans-Pritchard sitt initiativ som medarbeidar ved den sosialantropologiske institusjonen i Oxford frå 1950-talet, vart ei rad sentrale arbeid av Emile Durkheim sine medarbeidarar innan Année Sociologique-skulen omsett og gjevne ut på engelsk.

I same humanistiske ånd gjorde Evans-Pritchard seg til talsmann for ei tilnærming mellom antropologi og historie, noko som gjekk rakt imot den rådande antihistoriske funksjonalistiske retninga i 1950- og 1960-åra. Den peika derimot fram mot den historiske antropologien, som har vorte ei viktig grein eller bestanddel i dagens kultur- og sosialantropologi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]