E.T.A. Hoffmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
E.T.A. Hoffmann
E. T. A. Hoffmann, autorretrato.jpg
Pseudonym E. T. A. Hoffmann
Fødd 24. januar 1776
Königsberg
Død

25. juni 1822 (46 år)
Berlin

Yrke komponist, dommar, karikaturteiknar, kunstmålar, barnebokforfattar, skribent, dirigent, manusforfattar, science fiction-forfattar, romanforfattar, musikkritikar, teiknar, dagbokskrivar, kritikar, regissør
Sjanger opera, novelle, kortroman
Ektefelle Michalina Hoffmann
Signatur Signatur
E.T.A. Hoffmann på Commons

Ernst Theodor Wilhelm Amadeus Hoffmann (24. januar 177625. juni 1822) var ein prøyssisk forfattar, jurist, komponist, musikkritikar og karikaturteiknar kjend som E.T.A. Hoffmann.

Hoffmann sine soger hadde stor innverknad på 1800-talet. Han var ein av dei fremste forfattarane frå den romantiske rørsla, og blir rekna som ein pioner innan fantastisk litteratur. Ei av dei best kjende sogene hans er 'Nøtteknekkeren og musekongen' (1816), som blei gjort om til ein kjend ballett av Peter Tsjaikovskij i 1892. Fleire av sogene hans blei nytta til operaen Les contes d'Hoffmann av Jacques Offenbach, der han sjølv opptrer som ein fiktiv figur.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ein teikning Hoffmann laga av seg sjølv i kamp mot byråkratiet.

Hoffmann var fødd i Königsberg. Han blei utdanna jurist, og arbeidde i statsforvaltinga frå 1796 til 1806. I 1802 blei han degradert og flytta til Płock på grunn av nokre karikaturar. Her møtte han kona si. Etter 1806 livnærte han seg som komponist, musikkarrangør og skribent fram til han i 1816 igjen fekk ei offentleg stilling, i Berlin. Sjølv oppfatta han seg mest som komponist, og såg på forfattarskapen som ein bigeskjeft.[1] Hoffmann blei gravlagd i Berlin, på gravlundane ved Halleporten.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til ei av sogene til Hoffmann.

Forfattarskapen hans er karakterisert som «en konstnerligt meir sofistikerad variant av skräckromantiken», med nærleik til folkeeventyra og fantasiverdene til barn og som ei blanding av «en håndgripelig, ofte småborgerlig virkelighet med den mest fantastiske eventyrverden.[1] Slik kan han skape en komisk virkning, men også intens spøkelsesstemning».[2]

Han debuterte med Fantasiestücke in Callots Maniar (1814), som var ei samling av forteljingar tidlegare trykt annanstad. I Gullskålen frå denne samlinga «lar forfatteren 'salamandrenes fyrste' opptre midt blant hederlige embetsmenn og håndverkere i Dresden»; hovudpersonen Anselmus er ein forvirra student som lever i to verder, ei som er realistisk og ei som er fantastisk. Året etter kom Djevelens eliksirer, som i stil kan minna om ein skrekkroman, men «miksturen som munken drikker er også et symbol på ondskapens makt».[2][3][2] Munken Medardus er ein splitta sjel, og etter at han drikk av ein mikstur blir splittinga permanent. Den vonde halvparten hans begår fleire mord før han blir frigjort gjennom døden sin. Boka kan minna om Stevenson si Dr. Jekyll og Mr. Hyde, som kom ut 70 år seinare.[3] Tittelpersonen i Klein Zaches, genannt Zinnober (1819) er ein vondskapsfull dverg som kan fortrolla menneska.[3]

Dei fire samlingane kalla Die Serapionsbrüder (1819–21) – oppkalla etter ein litterær vennekrins Hoffmann var blitt ein del av i Berlin etter 1816 – inneheldt fleire av dei best kjende forteljingane hans, blant anna Rat Krespel, Frøken de Scuderi, Nøtteknekkeren, Meister Martin og Nachricht aus dem Leben eines bekannten Mannes. Frøken de Scuderi er ein kriminalroman med ein intrige frå dei franske hoffkrinsane på 1600-talet, med Madeleine de Scudéry som detektiv. I Rat Krespel, som òg er kjend med tittelen Antoine, er tittelpersonen ein svært eksentrisk far som bekymra for at den sjuke og musikalske dottera hans skal døy om ho syng. Han isolerer dottera, men ho syng likevel, og døyr medan ho syng.

Hoffmann skreiv musikkritikk under psevdonymet «Johannes Kreisler», og denne same Johannes Kreisler er hovudperson i den fiktive sjølvbiografien til Hoffmann, Lebensansichten des Katers Murr (1820-21), der livsskildringa til den galne kapellmeisteren blir samanfiltra med sjølvbiografien til ein katt.[4] «Katten representerer den småborgerlige verden som var skyld i og befestet Kreislers galskap».[3]

Jacques Offenbach sin opera Les contes d'Hoffmann (1881) er episodisk, og byggjer på forteljingane Der Sandmann, Rat Krespel og Das verlorene Spiegelbild. Arien i prologen er henta frå Klein Zaches, genannt Zinnober.

Bøker på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Kater Murrs Reflexioner og Livsanskuelser. Ved John Hazeland. Bentzen, 1870
  • Fantastiske noveller. Omsett av Johannes Magnussen. Christiansens kunstforlag, 1897. Inneheld Frøken Scudéri. Stamhuset. Mester Martin og hans svende. Lykke i spil
  • Frøken de Scudéri, Fortælling fra Ludvig den Fjortendes Tid. Kristiania, 1921. Originaltittel: Das Fräulein von Scuderi
  • Fantastiske fortellinger. Omsett av Trond Winje. Cappelen, 1972. Inneheld Frøken de Scuderi (Das Fräulein von Schuderi) ; Rat Krespel ; Gullskålen (Der goldene Topf). ISBN 82-02-02516-8
    • Fantastiske fortellinger. Bokklubben, 1990. (Bokklubbens levende klassikere). ISBN 82-525-1951-2
  • Nøtteknekkeren. Illustrert av Roberto Innocenti; omsett av Elisabeth Bjørnson. Gyldendal Tiden, 1997. Originaltittel: Nussknacker und Mausekönig. ISBN 82-478-0007-1
  • Djevelens eliksirer, kapusinermunken Medardus' etterlatte papirer. Omsett og med forord av Sverre Dahl. Bokvennen, 2009. Originaltittel: Die Elixiere des Teufels. ISBN 978-82-7488-227-0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bernt Olsson og Ingemar Algulin. Litteraturens historia i världen. Stockholm. Norstedts, 1990. ISBN 91-1-943422-7
  2. 2,0 2,1 2,2 Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan. Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Snorre Evensberget. Litterært leksikon. Stenersen, 2000. ISBN 82-7201-261-8
  4. På Hoffmanns romantiske oppfatning av musikk se Fausto Cercignani, E. T. A. Hoffmann, Italien und die romantische Auffassung der Musik, in Sandro M. Moraldo (ed.), Das Land der Sehnsucht. E. T. A. Hoffmann und Italien, Heidelberg, Winter, 2002, S. 191–201. ISBN 978-3-8253-1194-0