E. Pauline Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
E. Pauline Johnson
Tekahionwake ca 1895.jpg
Fødd 10. mars 1861
Six Nations of the Grand River First Nation
Død

7. mars 1913
Vancouver

Yrke skribent, lyrikar, skodespelar
Far George Henry Martin Johnson
E. Pauline Johnson på Commons

Emily Pauline Johnson (10. mars 18617. mars 1913), kjend som E. Pauline Johnson eller berre Pauline Johnson og også kjend under mohawknamnet Tekahionwake som bokstaveleg tyder 'dobbelt-liv',[1] var ein kanadisk forfattar og artist som var populær seint på 1800-talet. Johnson var kjend for dikta sine og for framføringar som reflekterte urfolksopphavet hennar, med ein far som var mohawkhøvding. Johnson brukte også engelske påvekandar, ettersom mor hennar var ein engelsk innvandrarar. Eit kjend dikt av henne er «The Song My Paddle Sings».

Johnson gav ut poesi i Canada, USA og Storbritannia. Ho var del av ein generasjon av kanadiske forfattarar som byrja å forma ein eigen kanadisk litteratur. Omdømet hennar svann etter at ho døydde, men interessa for livet og forfattarskapen hennar auka frå slutten av 1900-talet. I 2002 blei det gjeve ut ei komplett samling av dei dikta hennar som er kjende.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv og utdanning[endre | endre wikiteksten]

E. Pauline Johnson som ung.

E. Pauline Johnson var dotter av engelskfødde Emily Susanna Howells Johnson (1824–1898) og mohawk-høvdingen George Henry Martin Johnson (1816–1884). Ho var fødd i Chiefswood, eit hus bygd av far hennar i 1856 på den 90 hektar (225 acre) store eigedommen hans i Six Nations-reservatet utanfor Brantford i Ontario. Ho var den yngste av fire barn.

Farmora hennar, Helen Martin, var fødd inn i ulveklanen og var av delvis nederlandsk opphav. Mor hennar, Catherine Rolleston, var opphavleg ei nederlandsk jente som var blitt adoptert i ein ulveklanfamilie etter å ha blitt teken til fange av mohawkar.[2][3]:136 Emily Susanna Howells hadde innvandra til USA i 1832 som liten saman med far sin, stemor si og sysken.

Begge familiane til Johnson sine foreldre var imot giftarmålet deira, og sjølv var Emily og George Johnson uroa for at familien deira av «blanda rase» ikkje kom til å bli sosialt akseptert. Dei blei likevel rekna som ein leiande kanadisk familie.[4]:61 Familien Johnson hadde ein høg levestandard, og både familien og heimen deira var velkjende. Chiefswood blei vitja av framståande intellektuelle og politikarar som oppfinnaren Alexander Graham Bell, målaren Homer Watson, antropologen Horatio Hale og guvernør-generalen av Canada og kona hans, lady og lord Dufferin.

Emily og George Johnson oppmuntra barna sine til å respektera og læra om både engelske og mohawk-tradisjonar. Ettersom barna hadde ein far frå urfolket, var dei etter britisk lov som galdt i Canada på den tida rekna som mohawkar og myndlingar (wards) av den britiske krona. Men etter det matrilineære slektskapssystemet i mohawkkulturen var dei ikkje rekna som mohawkar ettersom mor deira ikkje var det. Dei hadde ingen stammeklan og var ekskluderte frå viktige delar av kulturen.

Farfaren til barna, John Smoke Johnson, var ein Pine Tree-hovding og ein autoritet i liva deira. Han fortalde barnebarna sine fleire soger på mohawk, eit språk dei forstod men ikkje snakka flytande.[4]:47 E. Pauline Johnson sa at ho arva taletalentet sitt frå farfaren. Seinare i livet uttrykte ho sorg for at ho ikkje hadde teke til seg meir av mohawkkulturen frå han.[5]:21

Som liten var Johnson sjukeleg, og blei ikkje send til Mohawk Institute for å gå på skule. Dette var ein kostskule i Brantford skipa i 1834 som ein av dei første slike for urfolkungar i Canada. Bortsett frå nokre få år då ho var elev ved reservatskulen, blei Johnson for det meste undervist uformelt heime av mora og fleire guvernanter. I tillegg dreiv ho sine eigne studiar i den omfattande boksamlinga til familien.

Ho blei kjend med engelsk litteratur av lord Byron, Tennyson, Keats, Browning og Milton.[6]:398 Ho likte også å lesa soger om amerikanske urfolk, som Longfellow sitt episke dikt The Song of Hiawatha og John Richardson sin roman Wacousta.[4]:53

Då ho var 14 byrja Johnson som elev ved Brantford Central Collegiate saman med broren Allen. Ho gjekk ut i 1877. Ein annan elev ved skulen var Sara Jeannette Duncan, som skulle skipa sin eigen journalistiske og litterære karriere. Johnson likte å opphalda seg ute i den kanadiske naturen, som ho reiste gjennom i kano.

Litterær og dramatisk karriere[endre | endre wikiteksten]

E. Pauline Johnson posing.

We've raced the rapid, we're far ahead!
The river slips through its silent bed.
Sway, sway,
As the bubbles spray
And fall in tinkling tunes away.

And up on the hills against the sky,
A fir tree rocking its lullaby,
Swings, swings,
Its emerald wings,
Swelling the song that my paddle sings.

«The Song my Paddle Sings»[a]

I 1880-åra skreiv og spelte E. Pauline Johnson i amatørteaterproduksjonar. I 1883 gav ho ut sitt første lengre dikt, «My Little Jean», i Gems of Poetry i New York. Etter dette auka ho produksjonen og gav ut fleire verk.

Kort tid etter at faren døydde i 1884 leigde familien ut Chiefswood. E. Pauline Johnson flytta med mora og ei syster til eit mindre hus i Brantford. Ho arbeidde for å livnæra dei, og fann at ho kunne tena nok med opptredenar på scenen. Johnson forsøga mor si fram til ho døydde i 1898.[3]:136

I 1885 gav Charles G. D. Roberts ut Johnson sitt «A Cry from an Indian Wife» i The Week, eit blad gjeve ut av Goldwin Smith i Toronto. I diktet bygde ho på hendingane rundt slaget ved Cut Knife under Nordvest- eller Riel-opprøret i 1885. Roberts og Johnson blei venner for livet.[7] Johnson var open om og stolt av mohawkidentiteten sin, men hadde lite å gjera med folk frå mohawk-kulturen som vaksen.[3]:136 I 1885 reiste Johnson til Buffalo i New York for å vera med på ein seremoni til ære for iroquoisleiaren Sagoyewatha, også kjend som Red Jacket. Ho skreiv eit dikt der ho uttrykte beundring for han og ba om forsoning mellom britisk-ætta folk og urfolk.[4]:90

I 1886 fekk Johnson i oppdrag å skriva eit dikt for å markera avdukinga av ein statue til ære for Joseph Brant i Brantford. Brant var ein viktig mohawkleiar som var alliert med britane under og etter den amerikanske sjølvstendekrigen. Hennar «Ode to Brant» blei lese opp på seremonien den 13. oktober framfor «den største forsamlinga den vesle byen nokon gong hadde sett.»[b][8] Diktet oppmuntra til brorskap mellom kanadiarar av urfolks- og europeisk opphav under det britiske styret.[4]:90 Det inspirerte ein lang artikkel i Toronto-avisa Globe, og auka interessa for Johnson si dikting og opphav. Diktet blei lese opp av forretningsmannen William F. Cockshutt under seremonien, ettersom Johnson skal ha vore for sjenert til å gjera det.[7][8]

Gjennom 1880-åra bygde Johnson vidare på omdømet sitt som kanadisk forfattar. Ho gav jamnleg ut verk i tidsskrift som Globe, The Week og Saturday Night. I slutten av 1880- og byrjinga av 1890-åra gav ho ut noko nesten kvar månad, for det meste i Saturday Night.[8] Johnson var ein av fleire kanadiske forfattarar som bidrog til å skapa ein særeigen nasjonal litteratur.[9][10] To av dikta hennar blei tekne med i W.D. Lighthall sin antologi Songs of the Great Dominion (1889),[11]:101 og Theodore Watts-Dunton lovprisa henne i meldinga si av denne boka. Han siterte heile diktet «In the Shadows» og kalla henne «den mest interessante diktarinna i live no.»[c][8] I dei tidlege verka sine skreiv Johnson for det meste om kanadiske liv, landskap og kjærleik i ein post-romantisk modus som reflekterte litterære interesser ho delte med mor si meir enn mohawk-kulturen.[11]:101

I 1892 opptredde Johnson på ei tilstelling for kanadiske forfattarar halden av The Young Men's Liberal Association. 16. januar 1892 opptredde ho ved Toronto Art School Gallery, som den einaste kvinna, med diktet «Cry from an Indian Wife». Ifølgje tilskodarar som William Wilfred Campbell og Duncan Campbell Scott fasinerte ho både med lesing og haldning, og gjorde kvelden til ein suksess. Ho var den einaste forfattaren som blei kalla tilbake for eit ekstranummer.[8]

Opptredenen markerte byrjinga på ein femten år lang karriere for Johnson som diktopplesar. Frank Yeigh, som hadde organisert den liberale tilstellinga, signerte henne som artist. Han gav henne ei eiga framsyning den 19. februar 1892, der ho framførte eit nyskrive dikt for høvet, «The Song My Paddle Sings».[8] Johnson blei oppfatta som ganske ung, sjølv om ho då var 31 år gammal, og som ein ven og eksotisk urfolksutøvar.[11]:102 Etter den første runden med opptredenar bestemte Johnson seg for å framheva urfolksaspekta ved framtredenen sin ved å bruka eit urfolksinspirert kostyme.[11]:9–10 Ho brukte dette kostymet i den første delen av opptredenen sin, der ho framførte dei dramatiske «indiske» versa sine. I pausen bytta ho til moterette engelske klede, og framstod i andre del av opptredenen som ei viktoriansk dame der ho las dei «engelske» versa sine.[8]

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Siwash Rock i Stanley Park, som Johsnon fortalde soga til i Legends of Vancouver. Johnson er gravlagd i nærleiken.
Foto: Andrew Raun
Bilete av Johnson som kom ut med den posthume dikstamlinga Flint and feather.

Johnson trekte seg tilbake frå opptredenar i august 1909. Ho flytta til Vancouver i British Columbia, der ho fortsette å skriva. Ho skreiv mellom anna ein artikkelserie for Daily Province, basert på soger vennen hennar, høvding Joe Capilano av squamishfolket frå Nord-Vancouver, hadde fortald henne. I 1911 gav ei gruppe vener av Johnson, som då var sjuk og fattig, ut ei samling av desse sogene under tittelen Legends of Vancouver. Dei er blitt verande klassikarar i litteraturen knytt til byen.

Ei av forteljinga hennar var ei squamish-soge om hamskifte, der ein mann blir omforma til steinformasjonen Siwash Rock.[12] Ei anna fortel soga om Deadman's Island, ein holme utanfor Stanley Park i Vancouver. I eit dikt i samlinga kalla ho ein av yndlingsstadene sine 'den tapte lagunen' eller Lost Lagoon, ettersom det verka som om denne kilen forsvann når vatnet rann ut veg lågvatn. Denne vassmassen er seinare blitt gjort om til ein permanent ferskvassinnsjø, men blir framleis kalla «Lost Lagoon».

Dei posthume samlingane Shagganappi (1913) og The Moccasin Maker (1913) inneheld utvalde tekstar som først blei gjevne ut i tidsskrift. Johnson skreiv her sentimentale, lærane og biografiske tekstar om fleire ulike emne. Veronica Strong-Boag og Carole Gerson laga ei mellombels kronologisk liste over tekstane til Johnson i boka Paddling Her Own Canoe: The Times and Texts of E. Pauline Johnson (Tekahionwake) (2000).

Johnson døydde av brystkreft den 7. mars 1913 i Vancouver. Gravferda hennar var den største i byen til då, og fann stad på det som ville vore den 52. fødselsdagen hennar. Ho blei kremert, og urna nedsett ved Siwash Rock i Stanley Park. I 1922 blei det reist ei røys ved gravstaden, med ein inskripsjon som mellom anna seier «in memory of one whose life and writings were an uplift and a blessing to our nation».[7]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke for Pauline Johnson i Stanley Park.
Kanadisk frimerke til minne om Johnson frå1961.

Johnson si avgjerd om å utvikla scenepersonlegdommen sin, og populariteten ho opppnådde, reflekterer at publikum ho møtte i Canada, England og USA var mottakelege for urfolkframstillingar på scena. På 1890-talet var interessa for nordamerikanske urfolk, eller indianarar, stor. Både Buffalo Bill Cody's Wild West Show og etnologiske utstillingar om dei var populære.[11]:111 Johnson og syskena hennar arva ei samling gjenstandar frå faren, mellom dei viktige wampumbelte og andemasker. Johnson brukte nokre av desse i opptredenane sine, men selde seinare dei fleste til museum, som Ontario Provincial Museum, eller til private samlarar, som amerikanske George Gustav Heye.[13]

Medan ho hadde vore godt kjend og hatt eit godt omdøme i samtida, gjekk kjennskapen til Johnson tilbake etter at ho døydde.[10]:91 Først i 1961, då ein feira hundreårsdagen hennar, byrja Johnson bli anerkjend som ein viktig kanadisk kulturperson.

Forskarar har hatt problem med å idenitfisera det fullstendige verket til Johnson, ettersom mykje blei gjeve ut i ulike tidsskrift. Den første diktsamlinga hennar, The White Wampum, blei gjeven ut i London i England i 1895. Deretter følgde Canadian Born i 1903. Innhaldet i desse to bøkene blei gjeve ut saman med fleire ekstra dikt i samlinga Flint and Feather i 1912. Denne boka har kome i mange opplag, og er ei av dei bestseljande kanadiske diktsamlingane gjennom tidene. Sidan 1917-utgåva har Flint and Feather hatt den villeiande undertittelen "The Complete Poems of E. Pauline Johnson". I 2002 gav professorane Carole Gerson og Veronica Strong-Boag ut Tekahionwake: Collected Poems and Selected Prose som inneheldt alle Johnson sine dikt som var funne til då.

Fleire biografar og kritikarar har lagt mindre vekt på det skrivne verket til Johnson, ettersom dei meiner at framføringane hennar hadde mest å seia for det litterære ryet hennar då ho levde.[6][14]

Forfattaren Margaret Atwood medgav at ho ikkje hadde studert litteratur skriven av urfolksforfattarar då ho skreiv Survival: A Thematic Guide to Canadian Literature i 1972. Då boka kom ut hadde ho sagt at ho ikkje kunne finna verk av urfolk. Seinare skreiv ho: "Why did I overlook Pauline Johnson? Perhaps because, being half-white, she somehow didn't rate as the real thing, even among Natives; although she is undergoing reclamation today."[15]

Sidan slutten av 1900-talet har skriftene og opptredenane til Johnson blitt reevaluert av litterære, feministiske og postkoloniale kritikarar. Dei vurderte tydinga hennar som ei såkalla "ny kvinne" (New Woman) og eit døme på motstand mot regjerande tankar om rase, kjønn, urfolksrettar og Canada.[11]:3 Auken i litteratur skriven av kanadiske urfolk på 1980- og 1990-talet har påverka forfattarar og forskarar til å ta for seg munnleg og nedskriven urfolkslitteratur og histore, noko Johnson gav viktige bidrag til.[11]:174

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Avdukinga av Pauline Johnson-monumentet ved gravstaden hennar i Stanley Park i 1922.

I 1922 blei det reist eit minnesmerke til Pauline Johnson i Stanley Park i Vancouver, ein stad ho verdsette då ho levde. I 1945 blei Johnson utnemnd til ein person av nasjonal historisk tyding (Person of National Historic Significance) i Canada.[2][16]

I 1961, hundre år etter at ho blei fødd, blei Johnson minna med eit frimerke som avbilda henne. Med dette blei ho den første kvinna anna enn den britiske dronninga, den første forfattaren og den første kanadiaren av urfolksopphav til å bli æra på denne måten.[10]:90

Fleire skular i Canada er kalla opp etter Johnson: Barneskular i West Vancouver i British Columbia; Scarborough i Ontario; Hamilton i Ontario og Burlington i Ontario, og Pauline Johnson Collegiate & Vocational School i Brantford i Ontario.

Barndomsheimen til Johnson, Chiefswood frå 1856, er rekna som ein nasjonal historisk stad på grunn av den historiske tydinga både til henne og faren hennar. Huset er den eldste urfolksherregarden frå før den kanadiske konføderasjonen, og er no eit museum.[17]

Ved opningsseremonien til Vinter-OL 2010 i Vancouver las skodespelaren Donald Sutherland opp desse linjene frå diktet «Autumn's Orchestra»[d]

Know by the thread of music woven through
This fragile web of cadences I spin,
That I have only caught these songs since you
Voiced them upon your haunting violin.

I 2010 fekk komponisten Jeff Enns i oppdrag å skriva ein song basert på Johnson sitt dikt «At Sunset».[e] Verket blei framført og spelt inn av Canadian Chamber Choir under den artistiske leiinga til Julia Davids.[18][19]

City Opera of Vancouver bestilte ein kammeropera, Pauline, av komponisten Tobin Stokes med libretto av Margaret Atwood. Verket hadde premiere 23. mai 2014 ved York Theatre i Vancouver. Det skildrer livet, verket og den fleirkulturelle identiteten til Johnson, og går føre seg i den siste veka av livet hennar.[20]

I 2016 var Johnson ein av fem finalistar av viktige kvinenr til å bli avbilda på kanadiske pengesetlar. Til slutt blei Viola Desmond vald.[21]

Familiesoge[endre | endre wikiteksten]

Chiefswood, fødestaden til Pauline Johnson med status som National Historic Site of Canada.

Mohawk-forfedrane til Johnson sin far, høvding George Henry Martin Johnson, hadde historisk budd i det som blei til delstaten New York i USA. Det var det opphavlege bustadområdet til mohawkane. Oldefaren til Johnson, Tekahionwake, blei fødd her i 1758. Då han blei døypt tok han namnet Jacob Johnson. Etternamn tok han frå sir William Johnson, ein britisk embetsmann med titteln Superintendent of Indian Affairs som var fadderen hans.[22] Etternamnet Johnson gjekk deretter i arv i familien.

den amerikanske frigjeringskrigen braut ut, kom britiskvennlege lojalistar i Mohawk Valley under sterkt press. Mohawkar og tre andre iroqkesarstammar var allierte med britane og ikkje dei amwerikanske opprørarane. Jacob Johnson og familien hans flytta etterkvart til Canada. Etter krigen slo dei seg ned for godt i Ontario på land gjeve til dei av den britiske krona, som ein delvis kompensasjon for irokesarane sine tap i New York.

Sonen til Jacob, John Smoke Johnson, hadde talent for å tala offentleg. Han tala både engelsk og mohawk, og demonstrerte patriotisme for krona under 1812-krigen. På grunn av dette blei John Smoke Johnson utnemnd til Pine Tree-hovding på førespurnad frå dei britiske styresmaktene.[5]:21 Tittelen til John Smoke Johnson gjekk ikkje i arv, men kona hans Helen Martin stamma frå Wolf-klanen og ein grunnleggjarfamilie for dei seks nasjonane (Six Nations). Hennar påverknad og avstamming (ettersom mohawksamfunnet var matrilineær) gjorde at også sonen deira, George Johnson, blei utnemnd til hovding.

George Johnson hadde arva faren sine språkevner, og byrja karrieren sin som kyrkjetolk ved Six Nations-reservatet. Medan han arbeidde for ein anglikansk misjonær på reservatet møtte Johnson svigerinna hans, Emily Howells. Dei forelska seg og gifta seg i 1853. Det blanda ekteskapet var uvelkomen hjå begge familiane deira, men då det første barnet deira blei fødd forsona Johnson-familien seg med ekteskapet.[4]:57 I 1856 bygde Johnson Chiefswood, ein herregard av tre der familien heldt til i mange år.

I rollene sine som tolk for styresmaktene og som hovding fekk George Johnson rykte for å vera ein dyktig meklar mellom urfolks- og europeiske interesser.[4]:57 Han var mykje respektert i Ontario. Samstundes fekk han fiendar på grunn av arbeidet sitt med å stoppa ulovleg handel med tømmer frå reservatet. Fysiske åtak frå både urfolk og ikkje-urfolk som dreiv med denne handelen gav han helseproblem seinare. Jphnson døydde av ein febersjukdom i 1884.[4]:81

Emily Howells var fødd i England i ein solid britisk familie som flytta til USA i 1832.[4]:8–9 Faren hennar, Henry Howells, var kvekar, og hadde som mål å bli med i den amerikanske motstaden mot slaveriet. Mor til Emily, Mary Best Howells, hadde døydd då jenta var fem år gammal, og faren hadde gifta seg opp att før familien forlét England. I USA flytta han familien melom ulike amerikanske byar der han skipa skular for å livnæra dei. Til slutt slo dei seg ned i Eaglewood i New Jersey.[4]:11 Etter at den andre kona hans døydde gifta Howells seg for tredje gong. Han blei far til i alt 24 barn.[4]:12 Han var ein sterk motstandar av slaveriet, og oppfordra barna sine til å "be for dei svarte og ha medynk med dei stakkar indianarane"[f] Han hadde likevel ei tru på at hans eigen rase var betre enn andre.[4]:57

Då Emily Howells var 21 flytta ho til Six Nations-reservatet i Ontario i Canada, der den eldre syster hennar heldt til. Systera hadde flytta dit med ektemannen, som var anglikansk misjonær. Emily hjelpte henne med å stella for den veksande familien sin. Det var her ho møtte den framtidige ektemannen sin, og fekk ei djupare forståing for amerikanske urfolk.[4]:57

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Tittelsida til The White Wampum, 1895.

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Historiesamlingar[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Song my Paddle Sings ved Wikisource
  2. «the largest crowd the little city had ever seen»
  3. «the most interesting poetess now living»
  4. Autumn's Orchestra ved Wikisource
  5. «At Sunset» ved Wikisource
  6. pray for the blacks and to pity the poor Indians.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tekahionwake: an Indian Poetess in London, Archives and Research Collections, McMaster University». Pauline Johnson Archive: Tekahionwake. Arkivert frå originalen 10. august 2007. Henta 15. november 2009. 
  2. 2,0 2,1 Johnson Family Tree, Chiefswood National Historic Site, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 8. juli 2011, https://web.archive.org/web/20110708144004/http://www.chiefswood.com/family.html, henta 27. mai 2011 
  3. 3,0 3,1 3,2 Lyon, George W. (1990). «Pauline Johnson: A Reconsideration». Studies in Canadian Literature 15 (2): 136–159. Henta 21. juni 2016. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 Gray, Charlotte (2002). Flint & feather : the life and times of E. Pauline Johnson, Tekahionwake (1st utg.). Toronto: HarperFlamingo Canada. ISBN 0-00-200065-2. 
  5. 5,0 5,1 Johnston, Sheila M.F. (1997). Buckskin & broadcloth : a celebration of E. Pauline Johnson Tekahionwake, 1861-1913. Toronto: Natural Heritage, Natural History. ISBN 1-896219-20-9. 
  6. 6,0 6,1 Jackel, David (1983). «Johnson, Pauline». I Toye, William. The Oxford companion to Canadian literature. Toronto: Oxford University Press. ISBN 0-19-540283-9. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Pauline Johnson Biography». Famous Biographies. QuotesQuotations.com. 30. april 2011. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Adams, John Coldwell (2007). Pauline Johnson. Confederation Voices: Seven Canadian Poets (Canadian Poetry Press). Henta 30. april 2011. 
  9. Monture, Rick (2002). «Beneath the British Flag: Iroquois and Canadian Nationalism in the Work of Pauline Johnson and Duncan Campbell Scott». Essays on Canadian Writing (limited access) 75: 118–141. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Gerson, Carole (1998). «‘The Most Canadian of all Canadian Poets': Pauline Johnson and the Construction of a National Literature» (PDF). Canadian Literature 158: 90–107. Henta 21 June 2016. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 Strong-Boag, Veronica; Gerson, Carole (2000). Paddling her own canoe : the times and texts of E. Pauline Johnson (Tekahionwake). Toronto [u.a.]: Univ. of Toronto Press. ISBN 0-8020-4162-0. 
  12. Johnson, E. Pauline. Legends of Vancouver. Henta September 26, 2015. 
  13. Michelle A Hamilton, Collections and Objections: Aboriginal Material Culture in Southern Ontario, Montreal: McGill-Queen's University Press, 2010
  14. Van Steen, Marcus (1965). Pauline Johnson: Her Life and Work. Toronto: Hodder & Stoughton. 
  15. Atwood, Margaret (1991). «A Double-Bladed Knife: Subversive Laughter in Two Stories by Thomas King». I New, William H. Native writers and Canadian writing (PDF) (Special issue, reprinted. utg.). Vancouver: UBC Press. s. 243. ISBN 0-7748-0371-1. 
  16. «Johnson, E. Pauline National Historic Person». Directory of Federal Heritage Designations. Parks Canada. Henta 25. september 2015. 
  17. «Home — Chiefs Wood». chiefswood.com. Arkivert frå originalen 23. mars 2007. 
  18. Video for At Sunset performed by Canadian Chamber ChoirYouTube
  19. In Good Company, Canadian Chamber Choir CD including "At Sunset"
  20. «Margaret Atwood's opera debut Pauline opens in Vancouver». Canadian Broadcasting Corporation. 23. mai 2014. Henta 24. mai 2014.  Den ukjende parameteren |site= vart ignorert (hjelp)
  21. «Final 5 candidates for next Canadian woman on banknote revealed by Bank of Canada». cbc.ca. 
  22. Leighton, Douglas. «Johnson, John». Dictionary of Canadian Biography. Henta 25. september 2015. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Pauline Johnson 1861-1913, "Canadian Women Poets," BrockU.ca, Web, 13 April 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • Crate, Joan. Pale as Real Ladies: Poems for Pauline Johnson, London, ON: Brick Books, 1991. ISBN 0-919626-43-2
  • Johnson (Tekahionwake), E. Pauline. E. Pauline Johnson Tekahionwake: Collected Poems and Selected Prose. Ed. Carole Gerson and Veronica Strong-Boag. Toronto: University of Toronto Press, 2002. ISBN 0-8020-3670-8
  • Keller, Betty. Pauline: A Biography of Pauline Johnson. Vancouver: Douglas & McIntyre, 1981. ISBN 0-88894-322-9.
  • Mackay, Isabel E. Pauline Johnson : a reminiscence . 1913.
  • McRaye, Walter. Pauline Johnson and Her Friends. Toronto: Ryerson, 1947.
  • Shrive, Norman (1962). «What Happened to Pauline?». Canadian Literature 13: 25–38. 
  • Poet, Princess, Possession: Remembering Pauline Johnson, 1913, in Seeing Red: A History of Natives in Canadian Newspapers, by Mark Cronlund Anderson and Carmen L. Robertson (University of Manitoba Press, 2011
Nettstader
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: E. Pauline Johnson
Wikisource

Originaltekst av E. Pauline Johnson ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: E. Pauline Johnson