EHF-meisterligaen i handball 2017/Kvinner
Meisterligaen i handball 2017 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 9. september 2016 og avslutta med sluttspel 6.-7. mai 2017. Győri ETO frå Győr i Ungarn vann turneringa for tredje gong.
Etter kvalifiseringsspel i september opna turneringa med 16 deltakande lag i seriespel delt i fire grupper à 4 lag. Dei tre laga med flest poeng i dei enkelte gruppene gjekk vidare til hovudrunda, som bestod av to grupper à 6 lag. Dei fire beste i desse to gruppene møttest til kvartfinalar basert på poengskår. Norske Larvik HK vart slått ut i kvartfinalane.
Sluttspelet
[endre | endre wikiteksten]Sluttspelet vart avvikla i Budapest helga 6. og 7. mai 2017.
- Semifinalane:
- Győri ETO – ŽRK Budućnost 26–20
- Vardar – CSM București 38-33
- Bronsekampen:
- CSM București – ŽRK Budućnost 26–20
Finalen
[endre | endre wikiteksten]- Győri ETO – Vardar 31–30 etter ekstraomgangar
Györi ETO leia 15–12 ved pause. I den andre omgangen utlikna Vardar slik at det stod 26–26 då ordinær tid var ute. Fyrst etter ekstraomgangar fekk Györi ETO hand om trofeet.
Győri ETO sitt vinnarlag bestod mellom andre av målvakta Kari Aalvik Grimsbø og målskårarane Anita Görbicz 7, Nycke Groot 6, Nora Mørk 6, Eduarda Amorim 3, Bernadett Bódi 2, Zsuzsanna Tomori 2, Yvette Broch 2, Jana Knedlíková 2.
Tyske Anja Althaus og franske Alexandra Lacrabère vart toppskårarar for Vardar, kvar med 6 mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League der Frauen 2016/17» frå Wikipedia på tysk, den 2. oktober 2022.